Rhododendronslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Rhododendron)
Rhododendronslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Ericoideae
Stamme: Rhodoreae
Slekt: Rhododendronslekta Rhododendron
L., 1753

Rhododendron (frå gresk rhodos, 'rose' og dendron, 'tre'), også alperose, er ei planteslekt i lyngfamilien. Ho er ei av dei største slektene i planteriket. Dei fleste artane har fargerike blomar. Fleire av artene er eviggrøne. Dei blomstrar på våren eller forsommaren og kort etter veks nye blad ut. Rhododendron finst som krypande fjellplanter, som små og store buskar og som tre på opptil 30 meter. Blada kan vera frå under ein cm lange til nesten ein meter. Plantene veks vanlegvis sakte.

Habitat og utbreiing endre

I vill tilstand finst rhododendron i alle klimasoner frå tropane til arktiske strøk og frå havnivå opp til nesten 6000 meter. Rhododendron er utbreidd i det meste av Asia, inklusive Japan, med hovudutbreiing i Himalayaområdet frå Nepal og Sikkim til provinsane Yunnan og Sichuan i Kina. Dei tropiske artane finst mest i Indonesia, Malaysia, Filippinene og på Ny-Guinea, der det veks heile 164 artar. Elles veks det rhododendronartar i Europa og i Nord-Amerika og nokre få artar heilt nord i Australia. Det finst ingen ville rhododendronartar i Afrika eller i Sør-Amerika.

 
Rhododendron lapponicum



Foto: Ole Jonny Larsen

I Noreg finst artene lapprose (Rhododendron lapponicum) og finnmarkspors (Rhododendron tomentosum). Meir enn 400 av rhododendronartane finst i ulike private og offentlege samlingar i Noreg.

Det finst ein art som er oppkalla etter ein nordmann, Rhododendron amundsenianum, som veks i Yunnan i Kina. Namngjevaren, austerrikske Freiherr Heinrich von Händel-Mazzetti, kalla han opp etter misjonæren Edvard Amundsen, som han hadde møtt under ei reise i Yunnan.

Nokre artar har blitt eit problem på grunn av sterk spreiing i område dei er innførte til. Dette gjeld særleg Rhododendron ponticumDei britiske øyane som har spreidd seg over store område og fortrengd annan vegetasjon. Eit av problema dette medfører er forgifting av husdyr. Ved norske tilhøve er det svært sjeldan at rhododendron sår seg i naturen. I kjende samlingar som Arboretet på Milde og Svinviks arboret kan ein likevel sjå at nokre arter etablerer seg i den ville vegetasjonen. Klimaet langs vestkysten av Noreg har i dei seinare år blitt likare klimaet på dei britiske øyane. Spreiing av rhododendron i naturen kan difor verta eit problem i løpet av dei neste tiåra. Rhododendron er giftige både for husdyr og menneske. I Noreg er særleg sauer som går ute om vinteren utsette sidan dei har lite anna å beita på. Honning produsert av nektar frå rhododendron kan forgifta menneske, men det har sjeldan døyeleg utgang.

Mange artar toler kulde, men dei likar ikkje å tørka ut. Rhododendron er ein såkalla surjordsvekst, pH-verdien bør vera rundt 4,5. Dei fleste artane veks difor ikkje på kalkhaldig jord. Dei større artene føretrekk å ha noko skugge, medan dei alpine dvergbuskane likar full sol. Det same gjeld dei fleste azalea-artene.

Lauvfellande rhododendronartar blir i daglegtale ofte kalla azalea. Ein anna kjend gruppe er såkalla japanazalea, småvaksne i hovudsak eviggrøne plantar med rik bløming. Desse er blitt dyrka i Japan i fleire hundreår, og ein har avla fram eit stort tal hybridar. Dei velkjende juleazaleaane som blir selde som potteplantar høyrer til denne gruppa. Tropiske rhododendronartar er samla i gruppa Vireya.

Rhododendron arboreum er nasjonalblome i Nepal. Rhododendron niveum er delstatstre i Sikkim i India. Rhododendron catawbiense er delstatsblome for Vest-Virginia og er òg med i flagget for delstaten. Rhododendron macrophyllum, den dominerande arta på den nordamerikanske vestkysten, er delstatsblome for Washington.

Hybridiseringsarbeid endre

 
Rhododendron 'Pink Pearl'



Foto: A. Barra

Rhododendronartar er lette å kryssa med kvarandre, og ein har byrja å laga kryssingar, eller hybridar, kort tid etter at dei fyrste artene var innførte i kultur. Fyrst var fargespekteret ein hadde å arbeida med svært avgrensa, men då Rhododendron arboreum med dei djupraude blomane sine blei innført i 1809, sette hybridiseringsarbeidet verkeleg fart. Neste store milepåle var oppdaginga av gulbloma arter. Seinare har det vore mykje fokus på at òg blada skal ha prydverdi, og nokre hybridar blir nesten dyrka for bladprakt åleine. Arbeidet med å kryssa Rhododendron har resultert i nærare 30 000 registrerte hybridar. Desse har namn som 'Furnival's Daughter', 'Pink Pearl', 'Curlew' og 'Morgenrot'. Nokre få hybridar har norske namn ('Madame Felle' og 'Bergensiana'). 'Pink Pearl' er ein dei mest populære rhododendronhybridane gjennom alle tider.Berre ei avgrensa mengd av alle framavla hybridar er i kommersielt sal. Nokre kjende hybridisører er Hans Hachmann, Halvdan Lem, Warren Berg og Peter Cox. Hybridane er registrerte i The International Rhododendron Register and Checklist som blir gjeve ut av The Royal Horticultural Society i England. Dei aller fleste rhododendron som blir planta i privathagar er hybridar. Reine artar er uvanlege i hagebruk i dag, bortsett frå blantsamlarar. I Noreg har gamle og særs hardføre hybridar som 'Grandiflorum', 'Cunningham's White', 'Nowa Zembla og 'English Roseum' vore dominerande i hagane heilt opp til siste del av 1900-talet. Seinare år har dei såkalla Yakushimanum-hybridane og Repens-hybridane fått stor utbreiing. Stadig fleire gulbloma hybridar har òg fått innpass på den norske marknaden. Ein gammal draum blant hybridisører er å laga ein reint blå rhododendronhybrid. Til no har ingen kome nærare enn lyseblå eller blålilla.

Innsamling endre

Gjennom fleire hundre år har ein samla rhododendronartar i naturen og overført dei til Europa og seinare Nord-Amerika som hageplantar. I byrjinga var denne innsamlinga ganske tilfeldig, men etter kvart blei ho utført av profesjonelle plantesamlarar som var sende ut frå vitskaplege institusjonar eller av velståande samlarar. Dei største innsamlingane gjekk føre seg i Asia og særleg i Himalaya-området mellom ca. 1850 og 1950. Innsamlarar var ofte ute i fleire år av gongen, og mange gjennomgjekk mykje slit og strabasar under primitive tilhøve. Nokre innsamlarar blei drepne eller mishandla av lokale folk. At ein del av innsamlarane i tradisjonell kolonial ånd opptredde arrogant kunne nok òg vera ei medverkande årsak til nokre av desse tragediane. Den kinesiske borgarkrigen og den kommunistiske sigeren i 1949 sette ein mellombels stopp for plantejakt i Kina, men frå 1980 har igjen vestlege botanikarar kunna samla inn rhododendron og andre plantar i kinesiske fjellområde. I våre dagar kan ein innsamlingstur ta alt frå nokre dagar til nokre veker. Innsamling av plantar er i dag regulert av m.a. Washington-konvensjonen om internasjonal handel med utryddingstruga artar (CITES). Alle rhododendronhybridar som i dag vert dyrka som hageplanter, har opphav i desse innsamlingane av ville planter.

Dei mest kjende plantejegerane som verka i perioden 1850-1949 er:

Systematikk endre

Den botaniske systematikken for rhododendronlekta er komplisert og gjenstand for strid mellom fagfolka. Dette kjem nok mykje av storleiken til slekta og at mange artar liknar mykje på kvarandre. Mange artar har òg eit stort utbreiingsområde slik at det er vanskeleg å seia om ein har med fleire arter og gjera eller berre variantar innan same art. Det høyrer òg med til historia at det frå ca. 1900 til 1949 kom så mykje nytt plantemateriale til Europa at botanikerne mista oversynet. Sir Isaac Bayley Balfour ved Edinburgh botaniske hage laga då eit mellombels klassifikasjonssystem der han delte inn artene i såkalla seriar. Balfour hadde tenkt at denne inndelinga skulle avløysast av eit endeleg system, men då The Rhododendron Society i 1930 gav ut verket The Species of Rhododendrons som følgde Balfours system, blei det etablert som «god latin». På den måten fekk ein presentert eit etterlengta system i slekta, men den uferdige systematikken blei òg sementert og godteken som endeleg for lang tid framover. Tyskaren Herman Sleumer prøvde så å få orden på dette. I 1949 la han fram eit forslag til ein ny systematikk av rhododendron: Ein system der Gattung Rhododendron (Eit system for rhododendronslekta). Tyske forskarar var ikkje populære i England rett etter krigen, og verket blei ikkje omsett til engelsk før i 1980. Sleumer sitt system blei likevel anerkejnt etter kvart, om enn med sterk motstand frå nokon fagfolk. Frå 1973 og utover byrja James Cullen og David Chamberlain ved Edinburgh botaniske hage ein ny revisjon av rhododendronslekta, og dei bygde i hovudsak på Sleumer. Resultatet av dette arbeidet ear blitt kalla Edinburgh-revisjonen. Balfour sine seriar er no bytta ut med underslekter, seksjonar og underseksjonar, artar og variantar, meir i tråd med tradisjonell botanikk, og mange tidlegare sjølvstendige artar er slått saman. Dei nyaste forsøka på å forstå slektskapen mellom rhododendronartane byggjer på genetikk og DNA-forsking. Sentralt i dette arbeidet står Loretta Goetsch og medarbeidarane hennar Andrew Eckert og Benjamin Hall. Dei har prøvd å setja opp eit rhododendronstamtre ved hjelp av analyse av visse gen.

 
Rhododendron indicum



Foto: KENPEI
 
 

I dag ser den etablerte systematikken av rhododendronslekten slik ut:

Slekta er delt inn i underslekter, seksjonar, underseksjonar, artar, underarter og variantar. Desse er så organiserte i fire store og fire små underslekter:

  • Underslekt Rhododendron L.: Plantar med i hovudsak små lepidote blad (med skjel på undersida); fleire hundre arter, typeart: Rhododendron ferrugineum. Dei ca. 300 tropiske rhododendronartane (seksjon Vireya) er vanlegvis inkluderte i denne seksjonen, men nokon reknar dem som ei niande underslekt.
  • Underslekt Hymenanthes (Blume) K.Koch: Plantar med hovudsakleg store elepidote (utan skjel på undersida) blad; rundt 140 artar, typeart: Rhododendron degronianum.
  • Underslekt Pentanthera G.Don: Ca. 25 lauvfellende såkalla azaleaartar; typeart Rhododendron luteum.
  • Underslekt Tsutsusi: Eviggrøn azalea, rundt 15 artar; typeart Rhododendron indicum.
  • Underslekt Azaleastrum Planch.: fem artar; typeart Rhododendron ovatum.
  • Underslekt Candidastrum (Sleumer) Philipson & Philipson: ein art; Rhododendron albiflorum.
  • Underslekt Mumeazalea: ein art, Rhododendron semibarbatum.
  • Underslekt Therorhodion: ein art, Rhododendron camtschaticum. (Nokre forskarar vil føra denne arten over til ei eiga slekt: Therhorodion.)

Sjukdomar og skadeinsekt på Rhododendron endre

Rhododendron har vore rekna for å vera friske buskar som sjeldan blir angripne av sjukdomar. Dette har endra seg dei seinare åra og minst to nye alvorlege sjukdomar er kome inn i Noreg. Det synest klart at mildare vintrar gjev betre tilhøve for til dømes soppsjukdomar. Nokre av dei alvorlegaste høyrer til familien Photophtora.

Phytophtora ramorum er ein algesopp som har forårsaka epidemiske angrep på eikeskog i USA. Han blir òg kalla Sudden oak death, 'plutseleg eikedød', og angrip òg andre slekter enn Rhododendron. I Europa er soppen blitt påvist i fleire land, m.a. Belgia, Frankrike, Spania, Storbritannia, Nederland og Tyskland. I Noreg blei det første angrepet registrert i 2002, på innførfe rhododendronplantar i hagesenter. Soppen kan gjera stor skade og må kjempast mot radikalt der ein oppdagar han. Phytophtora kernoviae er ein nær slektning av P. ramorum som òg angrip Rhododendron. Han er ikkje påvist i Noreg enno, men eit aukande problem på Dei bitiske øyane. Soppen kan innførast til Noreg med planteimport. Phytophthora cinnamomi, rotråte, er ein sopp som angrip røtene på Rhododendron. Planten visnar sakte og det er som regel for seint å gjera noko når han blir oppdaga.

Rhododendron er ikkje svært utsett for insektangrep, men det er nokre viktige unntak:

Snutebiller (Otiorhynchus sp.) Dei vaksne insekta et av blada og etterlèt synlege hakk i bladkanten. Dei drep vanlegvis ikkje planten. Larvane angrip røtene, og desse kan ta livet av unge planter. Det er vanskeleg å fjerna billene. Manuell fjerning av biller i mørket er mest effektivt.

Rhododendrontege (Stephanitis rhododendri). Dette er eit insekt som sit på undersida av blada hos rhododendron og syg ut plantesafta slik at blada blir misfarga på begge sider. Insektet kan òg leva på andre planter, t.d. tyttebærlyng. Rhododendrontegen kan spreia seg kraftig når han først er komen inn i hagen. Ein kan til ein viss grad kjempa mot han med sprøyting.

Sjå òg endre

Kjelder endre