Buksbomslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Buxus)
Buksbomslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Buksbomordenen Buxales
Familie: Buksbomfamilien Buxaceae
Slekt: Buksbomslekta Buxus
L., 1753

Buksbomslekta (Buxus) er ei planteslekt i buksbomfamilien. Ho omfattar rundt 70 artar,[1] der buksbom er den mest kjende. Plantane er seintveksande og eviggrøne med lêraktige blad. Dei dannar vanlegvis små buskar. Buksbom kan verte fleire hundre år gamal.

Det veks buksbom i tempererte og tropiske strøk.[1] Blada inneheld alkaloid, og er giftige. Dei har tidlegare vore brukt ein del i medisin mot smerter som gikt og kolikk.[1]

Trevirket er tungt og hard, og eigner seg til tredreiing, treskjering og som materiale for musikkinstrument.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «buksbom». Store norske leksikon. Henta 6. september 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Buksbomslekta
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.