Buvik kyrkje
Buvik kyrkje står i Buvika i Skaun kommune i Trøndelag fylke, og er ei åttekantkyrkje reist i 1819.[2]
Buvik kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Orkdal | ||
Sokn | Buvik | ||
Fellesråd | Skaun | ||
Material | tre[1] | ||
Innvigd | september 1823[2] | ||
• Endringar | påbygd sakristi og bårerom i 1969[2] | ||
Tårn | midt over skipet, bore av fire søyler. | ||
Preikestol | Preikestolsalter[1] | ||
Døypefont | frå 1934[1] | ||
Sitjeplassar | 250[1] | ||
![]() Buvik kyrkje 63°18′34″N 10°11′13″E / 63.3094°N 10.187°E | |||
Wikimedia Commons: Buvik kirke |
Kyrkja fekk ikkje inventar før fire år seinare og ho vart vigsla i september 1823.[2]
Kyrkja er soknekyrkje i Buvik kyrkjesokn i Orkdal prosti.
Naudsåra tidleg på 1800-tallet hefta byggeplanane og bygginga av ny kyrkja tok til først sommaren 1818 og den vart innvigd av biskop Bugge i september 1823.[3] Bygget vart utforma etter mønster av Klæbu kyrkje (av Lars Larsen Forsæth) og dei to kyrkjene har same langstrakte åttekantform og er nesten like store. Tremodellen som vart brukt i Klæbu kan også ha vore brukt i Buvika. Sørmoen trur at Støren kyrkje, som også er av same type, har verka inn på arbeidet i Buvika. Soknepresten i Buvika, Mathias Heltberg, hadde vore soknepresten på Støren då kyrkja der var reist. Forma er typisk for åttekantkyrkjene i Sør-Trøndelag. På same måte som i Klæbu har Buvik kyrkje vindauge i to høgder. Medan Klæbu har eit tak med knekke eller avsats, har Buvik enkle slette valma takflater. Sørmoen meiner stilen dels har preg av empire.[4] Sakristi vart bygd til på austsida i 1978.[2]
Bygget vart i hovudsak sett opp på dugnad. Det åttekanta grunnplanet ga laftehogg på 135° som var ei utfordring for arbeidsfolket. Preikestolen vart sett over alteret («preikestolsalter»). Preikestolen vart i 1880 satt ned i skipet, men i 1930 vart den igjen sett over alteret. Preikestolen over alteret blir lite brukt og presten brukar i staden ein laus talarstol på golvet. Fire kraftige, marmorerte søyler ber tårnet og sperrar utsynet mot koret frå deler av skipet (Klæbu har ingen slike støtter under tårnet[4]). Den åttekanta forma ga bygget tilnamnet «stappklubba». Bygget vart pussa opp til jubileet i 1969. Kyrkjebygget mangla opphavleg sakristi og fekk i 1978 sakristi i eit tilbygg på austsida. Tårnet hadde opphavleg ein rund kuppel som vart øydelagt av lynnedslag i 1861 og kyrkja fekk då eit åttekanta klokkehus i staden. Taket fekk i 1920 altaskifer i staden for det raude teglsteinstaket.[3]
Rasmussen nemner Svend Aspås og Forseth som arkitektar.[5]
Inventar
endreKyrkja har preikestolsalter.[1] Døypefonten er laga i 1934 og er i tre.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Buvik kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 242. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Om Buvik kyrkje på nettstaden til Orkdal prosti». Vitja 16. juni 2009
- ↑ 3,0 3,1 Rogdo, Vidar mfl. (1995). Buvik kirke 1250-1995. Buvik menighetsråd.
- ↑ 4,0 4,1 Sørmoen, Oddbjørn (2001). Skjønnhetens århundre. Bind 2 av Kirker i Norge. Arfo.
- ↑ Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag. s. 242. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Buvik kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen[daud lenkje]
- Om Buvik kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Sør-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket
- Buvik kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren