Bygda Sel
Sel, tidlegare kalla Nord-Sel, er ei bygd i Sel kommune i Innlandet fylke.[1] Han hadde tidlegare status som tettstad i Oppland fylke.
Sel | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Sel | ||
Postnummer | 2672 SEL | ||
Preposisjon | på Sel | ||
Ferdselsårer | E6 Fv435 Fv438 Fv439 | ||
Bygda Sel 61°51′00″N 9°25′00″E / 61.85°N 9.41666667°E | |||
Wikimedia Commons: Nord-Sel |
Sel ligg ved Lågen i Gudbrandsdalen nord i kommunen, 13 km. frå Otta sentrum. Dovrebanen går gjennom staden på vestsida av Lågen, medan Europaveg 6 går på austsida av elva. Fv438 går via Laurgård bru over Lågen på Sel.
Nord-Sel var tidlegare kommunesenter i Sel kommune, men etter at Dovrebanen kom og Otta stasjon blei gjort til knytepunkt mot Ottadalen og vidare vestover, overtok Otta som kommune senter.
På Nord-Sel er det ein butikk, bensinstasjon, kyrkje, eige idrettslag med fotball, ski og allidret, turlag, dansefestival, grendalag samt samfunnshus og park. Nord-Sel hadde og eige skule, Sel skule men, frå hausten 2019 blei elevane flytta over til Otta skulekrets.
På Sel ligg Nord-Sel kyrkje frå 1932.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Faktaark». Kartverket. Henta 4. september 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Nord-Sel på nettstaden selhistorie.noDenne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.