Bygningsarbeidar

person som arbeider med bygging av anlegg

Bygningsarbeidar er ein person som har som yrke å byggje eller gjere anna arbeid på alle typar byggverk og bygningar. Bygningsarbeidarane er vanlegvis spesialiserte i fag, som tømrarfaget, murarfaget, snikkarfaget, målar- og tapetserarfaget, elektrikarfaget og så bortetter, og er vanlegvis utdanna i faget på vidaregåande skule og som lærling i ei verksemd. Læretida vert då avslutta med ei fagprøve eller svenneprøve som gjev fag- eller svennebrev.

Bygningarbeidarar i arbeid på eit tak i Paris i Frankrike.

Dei fleste bygningsarbeidarar er tilsette i ei verksemd. Men det vert stendig meir vanleg at dei er sjølvstendige næringsdrivande som tek på seg oppdrag for verksemder på eige ansvar, og vert då såkalla kontraktørar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bygningsarbeidar