Charles Wright Mills (28. august 191620. mars 1962), med forfattarnamnet C. Wright Mills, var ein USA-amerikansk sosiolog frå Texas i USA. Han var særleg oppteken av å studere makttilhøva i moderne samfunn, samt den rolla intellektuelle spela i det USA-amerikanske samfunnet i tida etter 2. verdskrigen.

C. Wright Mills

Statsborgarskap USA
Fødd 28. august 1916
Waco
Død

20. mars 1962 (45 år)
Argentina, La Pampa, Catholic Church Records - FamilySearch Historical Records

Yrke sosiolog, universitetslærar
Språk engelsk
Nettstad http://www.cwrightmills.org
C. Wright Mills på Commons

Liv og gjerning endre

Mills var fødd i Waco i delstaten Texas. Han avla eksamen ved universitetet i Austin i 1939. To år seinare tok han ein doktorgrad ved Wisconsin-universitetet. Frå 1946 arbeidde han ved Columbia-universitetet. Trass mange kontroversar vart han der verande til han døydde.

Mills la ut på talrike tenestereiser, mellom anna var han i både Tyskland og i Sovjetunionen. På byrjinga av 1960-åra besøkte han Cuba, som ein av dei fyrste US-amerikanarane etter revolusjonen.

Ei engagsjert og kritisk-praktisk oppfatning av sosiologien var karakteristisk for den vitskapelege aktiviteten hans. Ein kan dele livsgjerninga hans opp i tre åtskilde fasar. I den fyrste fasen studerte han sosialfilosofi og tok elles inntrykk frå sosiologiske klassikarar som Karl Marx, Thorstein Veblen, Max Weber, Gaetano Mosca og Vilfredo Pareto. Fase to var ein periode med grundige, empiriske arbeid; medan den tredje fasen samfattar begge interessefelta i ein særleg Arbeitsweise sosiologisk Reflexion. Ut av denne siste fasen kom hans bidrag til sosiologien; Two Styles of Social Science Research; seinare vart tankane gjennomarbeidd og kom som The Sociological Imagination.

Mills fekk stor merksemd for trilogien han skreiv over sine undersøkingar av maktforholda i USA. Fyrste boka The New Men of Power. America's Labor Leaders tok føre seg arbeidar-sjiktet og kom ut i 1948. Tre år seinare kom studien over dei USA-amerikaniske mellomlaga, White Collar: The American Middle Classes, og til sist vart makteliten i USA nøye analysert i The Power Elite frå 1956.

Mills hevda i boka om mellomklassen at personar tilsett i store firma var konservative, ettersom dei identifiserte seg med arbeidsgjevarane sine. Dessutan ber kvitsnippfolka på ei frykt mot statustap, noko som gjer at dei er vakt mot endringar i arbeidslivet og reformer i samfunnet.

I boka The Power Elite omtala han det han kalla for «den høgre umoralen». Mills sikta då ikkje til personleg svikt eller private lytar, men ein institusjonalisert umoral sett i system. Eit system der pengar er einaste målestokken på framgang og moral, og dei standardar som vert nytta for å vurdera verd berre er dei pekuniære. Mills kom med forslag om kva rettar og plikter som følgjer med offentleg samtale og demokrati: «I ei offentlegheit slik me forstår omgrepet er det omtrent like mange menneske som uttrykker meiningar som det er mottakarar av dei. Offentleg kommunikasjon er organisert slik at det er ein sjanse for å svara umiddelbart og effektivt på ei meining som er uttrykt offentleg. Meiningar som er forma av slik diskusjon finn lett uttrykk i verknadsfull handling, om nødvendig i motstrid til dei rådande autoritetar.

Mills meinte offentlegheita, ikkje minst fjernsynet, har vorte einsretta for å skape «lukkelege konsumerande robotar», noko som skaper eit samfunn med ein «elite» som kan manipulere «massen». Mills fremja eit syn om at sosiologane pliktar å opplyse massane og ikkje underordne seg statlege eller privat-økonomiske strukturar.

Litteratur endre

  • Milch, Jan , (1992) . C.Wright Mills och hans sociologiska vision Om hans syn på makt och metod och vetenskap Uppsats i Sociologi Göteborgs Universitet H-T 1992
  • Mills C. Wright, (1971). Makteliten, Stockholm. (Originalets titel The Power Elite, New York, Oxford Press, (1956)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre