Call Me the Breeze
Call Me the Breeze Song av JJ Cale frå albumet Naturally | ||
Utgjeve | 1972 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 2:37 | |
Selskap | Mercury | |
Komponist | JJ Cale | |
Tekstforfattar | JJ Cale | |
Låtskrivar(ar) | JJ Cale | |
---|---|---|
Produsent | Audie Ashworth |
«Call Me the Breeze» er ein rockesong av JJ Cale. Han kom først ut på debutplata hans frå 1972, Naturally, og var opningssporet der. Songen består av ein 12-takts blues gitar-shuffle og nyttar ei tidleg utgåve av ein trommemaskin.
Lynyrd Skynyrd-versjonen
endreCall Me the Breeze Song av Lynyrd Skynyrd frå albumet Second Helping | ||
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | 1973-1974 | |
Sjanger | Bluesrock, hardrock, southern rock, boogierock, rock and roll | |
Lengd | 5:09 | |
Selskap | Sounds of the South, MCA | |
Komponist | JJ Cale | |
Tekstforfattar | JJ Cale | |
Låtskrivar(ar) | JJ Cale | |
---|---|---|
Produsent | Al Kooper |
Som mange av Cale sine songar er «Call Me the Breeze» blitt spelt mange gonger av forskjellige artistar, mest kjend av Lynyrd Skynyrd på albumet deira Second Helping (1974) og på konsertplata One More from the Road (1976), Mason Proffit i 1972 på albumet deira Rockfish Crossing, Bobby Bare på albumet sitt Bobby Bare - The Country Store Collection (1988), Johnny Cash på albumet sitt Water from the Wells of Home (1988) med sonen John Carter Cash, John Mayer i 2013 på albumet hans Paradise Valley og songaren Alan Price i 1977 på albumet hans Two of a Kind med Rob Hoeke. Mange av coverversjonane er spelte inn som hyllester til Lynyrd Skynyrd. Til dømes av Les Claypool på albumet Under The Influence, A Jam Band Tribute to Lynyrd Skynyrd.[1]
Eric Clapton-utgåva
endreThey Call Me the Breeze Singel av Eric Clapton frå albumet The Breeze: An Appreciation of JJ Cale | ||
Utgjeve | 30. juni 2014 | |
Sjanger | Rock · poprock | |
Lengd | 2:53 | |
Selskap | Surfdog · Polydor | |
Komponist | JJ Cale | |
Tekstforfattar | JJ Cale | |
Låtskrivar(ar) | JJ Cale | |
---|---|---|
Produsent | Clapton · Simon Climie | |
Eric Clapton-kronologi | ||
«All of Me» (2013) |
They Call Me the Breeze | «Don't Wait» (2014)
|
JJ Cale framførte songen i lag med den gamle venen Eric Clapton på Crossroads Guitar Festival i 2004.[2] Seinare, etter at Cale var død, spelte Clapton inn fleire av songane til Cale.[3] I 2014 gav han ut hyllestalbumet The Breeze: An Appreciation of JJ Cale, Clapton spelte inn songen med den originale trommemaskinlyden i byrjinga.[4]
Vekeslister
endreListe (2014) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratip Flandern)[5] | 52 |
Belgia (Ultratip Vallonia)[6] | 16 |
Poland (LP3)[7] | 23 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Call Me the Breeze» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Under the Influence: A Jam Band Tribute to Lynyrd Skynyrd – Various Artists | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 14. september 2018.
- ↑ «JJ Cale, Eric Clapton (After Midnight & Call me the Breeze)». Ant Varandonis. youtube.com. Henta 14. september 2018.
- ↑ «Eric Clapton - Baloise Session – Basel Sveits 2013». youtube.com. Henta 14. september 2018.
- ↑ «Eric Clapton discusses «The Breeze (An Appreciation of JJ Cale)»». Eric Clapton. youtube.com. Henta 14. september 2018.
- ↑ "Ultratop.be – Eric Clapton – They Call Me The Breeze" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 14. september 2018.
- ↑ "Ultratop.be – Eric Clapton – They Call Me The Breeze" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 14. september 2018.
- ↑ «Call Me the Breeze – Eric Clapton» (på polsk). LP3. Arkivert frå originalen 15. september 2018. Henta 14. september 2018.