Cappelenitt-(Y)
Cappelenitt-(Y) er eit sjeldant mineral skildra frå nefelinsyenittpegmatitt ved Langesundsfjorden av Waldemar Christofer Brøgger i 1884. Mineralet er òg funne i Canada, Kasakhstan og Tadsjikistan. Kjemisk er cappelenitt eit komplekst borosilikat av barium, yttrium og lantanoidar med formel Ba(Y,La)6Si3B6O24F2 .
Det er kalla opp etter jernverkseigaren og mineraologen Diderik Cappelen (1856–1935), som fann mineralet.
Kjelder
endre- Cappelenitt (Y). (2012, 7. november). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/cappelenitt-%28Y%29.