Carl Dahl
medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll og stortingsrepresentant
(Omdirigert frå Carl Adolph Dahl)
Carl Adolph Dahl (21. august 1769–3. juni 1819) var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Carl Theodor Dahl var sonen hans.
Carl Dahl | |||
Måleri av P. Meidell tilhøyrer Eidsvoll 1814. | |||
Fødd | 21. august 1769 Sokndal | ||
---|---|---|---|
Død | 3. juni 1819 (49 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Fri/Ukjend | ||
Yrke | Sorenskrivar | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet | ||
Barn | Carl Theodor Dahl | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
|
Dahl var frå Sokndal i Rogaland. Han vart eksaminert jurist i 1791, deretter sorenskrivarfullmektig i Idd og Marker. År 1797 viserådmann i Fredrikshald, 1798-1804 byfut og byskrivar i Tønsberg. Frå 1803 var han byfut og auksjonforvaltar i Fredrikshald, samt sorenskrivar i Idd og Marker. I 1810 vart han i tillegg by- og rådstuskrivar i Fredrikshald.
Dahl var utsending frå Fredrikshald til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han var innvald til Stortinget 1818, men grunna sjukdom møtte han ikkje. Han døydde i Fredrikshald.
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K side 181, digital utgåve
- Carl Adolph Dahl frå Eidsvoll 1814
- Biografisk informasjon om Carl Dahl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv