Carl Ben Eielson (20. januar 18979. november 1929) var ein amerikansk flypioner, bushpilot og oppdagar.

Carl Ben Eielson

Statsborgarskap USA
Fødd 20. januar 1897
Nord-Dakota
Død

9. november 1929 (32 år)
Alaska

Yrke oppdagar, flygar
Carl Ben Eielson på Commons

Liv og virke endre

Han vart fødd i Hatton i Nord-Dakota i ein norsk innvandrarfamilie.[1] Under første verdskrigen vart Eielson utdanna til militærflygar, men kom ikkje til fronten i Europa før krigen var over.[1] Etter slutten av krigen starta han saman med vener Hatton Aero Club og med eit utrangert krigsfly, ein Jenny, turnerte han Midtvesten med barnstorming-oppvisingar. Han byrja jusstudiar i Washington, D.C. i 1921, men dei vart snart avbrotne, og han byrja å jobba som lærar på ein ungdomsskule i Fairbanks i Alaska.[1]

Flygar i Arktis og Antarktis endre

I Alaska såg Eielson eit stort potensiale for luftfart, og vart ein pådrivar for og einaste flygaren i Farthest North Aviation Company, som vart skipa i 1922.[1] I februar 1924 flaug han den første luftpostruta i Alaska, frå Fairbanks til MacGrath. Dette korta ned ein tur som hadde teke 21 dagar med hundespann til fire timar. I 1926 flaug han luftpost i Florida, og vart seinare same år engasjert av den australske polarforskaren Hubert Wilkins som pilot. Saman skulle dei fly frå Point Barrow i Alaska, til Spitsbergen. Føremålet var å sjå om det fanst land mellom Alaska og Nordpolen.[2]

Dei gjorde to mislukka forsøk i 1926 og 1927, og i 1928 klarte dei det. 21. april 1928 landa dei ved radiostasjonen i Barentsburg etter det ufrivillige opphaldet på fire døgn på Daudmannsodden. I den antarktiske sommaren 1928–1929 var han med på kartlegging av land på Den antarktiske halvøya. Kvalkokeriet «Hektoria» vart brukt som base. I juni 1929 leidde han det nystarta Alaskan Airways i Fairbanks.[3]

 
Heimen til Eieleson i Hatton

Heider og ettermæle endre

Eielson omkom 9. november 1929, då hans Hamilton H-47 havarerte under ein redningsaksjon for eit skip som var fastfrose nord for Beringsundet.[4] Staden der han og mekanikaren Earl Borland har fått namnet Kosa Dvukh Pilotov, 'Neset til to pilotar'.[5]

I 1928 hadde Eielson fått Norsk Aero Klubbs hederstegn.[6] Han er òg heidra fleire stadar i USA, blant anna ber flybasen i Fairbanks namnet hans. I Endicott Mountains heiter ein fjelltopp «Mount Eielson». I 1958 fekk han namnet sitt i National Aviation Hall of Fame i Ohio, der alle amerikanske flypionerar er minna.[7]

Eielson er gravlagt i heimbyen Hatton, der barndomsheimen hans er eit museum med minne frå livet hans.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «ExploreNorth», explorenorth.com, henta 31. juli 2021 
  2. «Hatton Carl Ben Eielson Museum :: Ben Eielson». hattonmuseum.com. Henta 20. juli 2016. 
  3. «Carl «Ben» Eielson | UA Journey». www.alaska.edu. Henta 20. juli 2016. 
  4. «LitSite Alaska | Land Sea Air > Aviation > Carl Ben Eielson: The Father of Alaskan Aviation - 1897–1929». www.litsite.org. Arkivert frå originalen 18. april 2015. Henta 20. juli 2016. 
  5. «ISLAND HISTORY», r207rrc.ru, arkivert frå originalen 31. juli 2021, henta 31. juli 2021 
  6. Tiden flyr. Hundre år i luften. Norges Luftsportforbund 1909–2009
  7. «Denali National Park and Preserve - The Eielson Visitor Center (U.S. National Park Service)». 29. mai 2010. Arkivert frå originalen den 29. mai 2010. Henta 20. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • Dorothy Page: Polar Pilot. The Carl Ben Eielson Story