Carl Berner den eldre
Carl Christian Berner (20. november 1841–25. mai 1918) var ein norsk skuledirektør og politikar for partiet Venstre, fødd i Christiania. Oluf Berner var far hans, Jørgen Berner og Carl Berner den yngre sønene hans.
Carl Berner | |||
Carl Berner i 1905 | |||
Fødd | 20. november 1841 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 25. mai 1918 (76 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Far | Oluf Steen Julius Berner | ||
Barn | Jørgen Berner, Carl Berner | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening Rene Venstre | ||
Alle verv |
|
Berner vart student i 1859 og tok graden cand.philol. i 1861. Han var deretter lærar ved ulike skular i hovudstaden, mellom dei Gjertsens skole 1865 og Aars & Voss frå 1866. I 1874 vart han inspektør ved sistnemnde skule, men same året direktør ved den tekniske skulen i Bergen. Han var medlem av Bergens bystyre.
Berner representerte Bergen på Stortinget 1886-1891 og 1895-1903. 1886-91 var han medlem av jarnbanekomiteen, 1889-91 i tillegg president i Odelstinget og medlem av valkomiteen. Han kom i mars 1891 med i den fyrste Steen-regjeringa, sat i statsrådsavdelinga i Stockholm til han var sjef for Kyrkjedepartementet frå juli 1892 til mai 1893.
1895-97 var Berner medlem av valkomiteen og budsjettkomiteen på Stortinget. Han heldt fram i begge desse komiteane i neste stortingsperioden 1898-1900, vart vald til stortingspresident 21. februar 1898. 1900-03 var han mellom anna formann i konstitusjonskomiteen og i 1901 av den kombinerte konstitusjons- og vegkomiteen. Åra 1903-09 var Berner stortingsrepresentant for Sarpsborg. 1903-04 var han formann i komiteen om endringar i forretningsordenen, og i 1906 formann i den kombinerte konstitusjons- og gasjekomiteen.
Vervet som stortingspresident hadde Berner på alle storting frå 1898 fram til og med 1909. Han var såleis president 7. juni 1905, leia forhandlingane som førte fram til 7. junivedtaket. Sommaren og hausten i 1905 var han med i delegasjonen som i Karlstad forhandla med Sverige om oppløysing av unionen mellom dei to monarkia. Berner leia Stortinget då det vart vald ny konge, og han tok i november 1905 den nye kongen, Haakon VII, i eid.
Berner vart 29. november 1905 utnemnd til storkors av St. Olavs Orden. Han vart også tildelt 7. juni-medaljen.
Han var medlem av Nobelkomiteen 1904-18.
Berner døydde i Kristiania i 1918. Carl Berners plass i tjukkaste Oslo, er kalla opp etter Berner.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Carl Berner den eldre NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv