Carl Fredrik Kolderup

Carl Fredrik Kolderup (fødd 6. desember 1868 i Bergen, død 1. november 1942 i Bergen) var ein norsk professor i geologi ved Bergen museum. Kolderup grunnla den mineralogisk-geologiske avdelinga på Bergens Museum og var ein pioner innan utforskinga av geologien på Vestlandet

Carl Fredrik Kolderup

Fødd6. desember 1868
Bergen
Død1. november 1942
NasjonalitetNoreg
Yrkegeolog, professor
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
BarnNiels-Henrik Kolderup
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Kolderup tok examen artium ved Tanks skole i 1882 og han studerte geologi i Kristiania eitt år på Krigsskolen under Waldemar Christofer Brøgger. I 1892 avla han cand.real.-eksamen. Frå 1896 var han tilknytt Bergens Museum, først som samlingsbestyrar og stipendiat, seinare som dosent og frå 1914 til 39 som professor og direktør.

I 1914 fekk dei fem faglege leiarane ved Bergen museum professortitlar: dr. August Brinkmann på Zoologisk avdeling, dr. Bjørn Helland-Hansen på Biologisk stasjon, Jens Holmboe på Botanisk avdeling, dr. Carl Fredrik Kolderup på Mineralogisk-geologisk avdeling og dr. Haakon Sheteleg på Historisk-antikvarisk avdeling.

Kolderup forska på anortosittar, omdanna kambro-siluriske bergartar og devonfelta på Vestlandet. 1908 tok han doktorgraden på ei kvartærgeologisk problemstilling, Bergensfeltet og nærliggande område i i seinglacial og postglacial tid. Han leia dei norske jordskjelvundersøkingane frå 1899 og oppretta den første jordskjelvstasjonen i landet i 1905. Han skreiv om resultat frå stasjon i 29 avhandlingar om jordskjelv. I tillegg laga han dei mineralogisk-geologiske samlingane ved Bergens Museum.

Kolderup var òg medlem av Bergen bystyre, formann i Bergens høgreforeining, medlem av Høgres sentralstyre, forlikskommissær, formann i komiteen for Norges Handelshøyskole og varamann i skulerådet, formann i forstanderskapet for dei høgare skulane og mykje anna. Under og etter brannen i Bergen i 1916 var han fungerande ordførar og fekk dermed eit stort arbeidspress sidan han samtidig arbeidde som geologiprofessor og museumsdirektør.

Utmerkingar endre

C. F. Kolderup var kommandør av den nederlandske Oranje-Nassau Orden. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og fleire utanlandske foreiningar. I lag med sonen Niels-Henrik Kolderup mottok han hausten 1940 ein pris for monografien Geology of the Bergen Arc System.

Verk endre

Eit utval av verka til Kolderup.

  • Die Labradorfelse des westlichen Norwegens. I. Das Labradorfelsgebiet bei Egersund und Soggendal, BMÅ 1896 nr. 5, 1896
  • Die Labradorfelse des westlichen Norwegens. II. Die Labradorfelse und die mit denselben verwandten Gesteine in dem Bergensgebiete, BMÅ 1903 nr. 12, 1903
  • Bergensfeltet og tilstødende trakter i senglacial og postglacial tid, dr.avh., BMÅ 1907 nr. 14, 1907
  • Fjeldbygningen i strøket mellom Sørfjorden og Samnangerfjorden i Bergensfeltet, BMÅ 1914–15 nr. 8, 1915
  • Slekten Kolderup i Bergen, Bergen 1939
  • Geology of the Bergen Arc System (i lag med N.-H. Kolderup), Bergens Museums Skrifter 1940 nr. 20, 1940

Kjelder endre