Carl J. Westerlund

Carl Julius Alvin Westerlund (2. juni 188514. mai 1952) var ein tenestemann og politikar frå Bodø i Nordland som 1945-49 representerte Arbeidarpartiet og kjøpstadene i Vest-Agder og RogalandStortinget.

Carl J. Westerlund
Fødd2. juni 1885
Død14. mai 1952 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Far til Westerlund var feiarmeister. Sjølv lærte han seg til bokbindar, arbeidde i faget i Bergen, Sandnes og Haugesund. I tida 1913-19 redigerte han også Haugesund Folkeblad. Sidan var han 1919-25 styrar av Haugesund kommunale reinhaldsverk og frå 1925 til han døydde forretningsførar i Haugesund trygdekasse, med unnatak for 1944-45, då han var avsett frå stillinga.

Westerlund var bystyremedlem i Haugesund frå 1914 til 1940, bortsett for valperioden 1932-34. Størstedelen av tida sat han i formannskapet, ordførar åra 1919 og 1922. Elles var han formann i kinostyret i byen 1920-41 og 1946-52, dessutan formann i Arbeidsnemnda for arbeidarbruk og boligbanken 1929-37.

Stortingsperioden 1925-27 var Westerlund varamann til Stortinget og møtte 15 dagar i juni-juli 1926. Hausten 1945 vart så Westerlund vald til stortingsrepresentant frå kjøpstadene Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund. Arbeiderpartiet plasserte han i Finans- og tollkomiteen. Utanom Stortinget var han frå 1947 medlem i Pris- og rasjonaliseringskomiteen til han døydde i 1952.

Westerlund var aktiv i fråhaldssaka.

KjelderEndra