Carl Johan Bergman
Carl Johan Lennart Bergman (fødd 14. mars 1978) er ein svensk tidlegare skiskyttar frå Bergsäng i Hagfors kommun. Han vart verdsmeister i mixstafett under VM i skiskyting 2007, og vann i ei seinare meisterskap to VM-sølv og like mange VM-bronsar. Sidan 2010 er han gift med norske Liv-Kjersti Eikeland.
Carl Johan Bergman | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 14. mars 1978 (46 år) Hagfors |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2002, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn |
Aktiv
endreBergman deltok i verdscupen i skiskyting i 14 sesongar, 2001-14. Han sigra i 3 sprintrenn. Den fyrste sigeren kom i finske Kontiolahti 16. mars 2006, der han toppa framfor polske Tomasz Sikora og tyske Sven Fischer. Dei to andre sigrane kom i 2011/12-sesongen, i høvesvis Östersund og i Hochfilzen. I alt steig Bergman på sigerspallen etter 10 individuelle verdscup-tevlingar.
Under verdsmeisterskapen 2007 i Antholz i Italia gjekk Bergman på ankeretappen Sveriges lag inn til gull på mixstafetten, dei andre på laget var Helena Jonsson, Anna Carin Olofsson og Björn Ferry. To år etter var Bergman atter med i gullstriden på mixstafetten i ein verdsmeisterskap. Som ankermann måtte han i Pyeongchang sjå seg slått med seks sekundar av Frankrikes ankermann Simon Fourcade, men berga sølv til Sverige ved å halde Tysklands Michael Greis tre sekundar bak seg. Under VM i skiskyting 2010 i Khanty-Mansijsk kompletterte Bergman medaljesamlinga i mixstafettar gjennom å gå mål til svensk bronse. Sitt beste internasjonale meisterskap gjorde Bergman i Ruhpolding i 2012. Han opna då med å sikre seg bronsemedaljen i sprintrennet. Deretter gav han favoritten Martin Fourcade hard kamp om sigeren i jaktstarten, ei tevling som enda med sølvmedalje til Bergman, vel 5 sekundar bakom Fourcade. Til sist i meisterskapen vart Bergman sjettemann i 15 km fellesstart.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carl Johan Bergman» frå Wikipedia på tysk, den 19. mars 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- «Carl Johan Bergman» (på engelsk). Olympedia. Henta 6. februar 2022.