Opna hovudmenyen

Carl P. Wright

norsk politikar

Carl August Petersen Wright (7. september 189328. april 1961) var ein norsk forretningsmann, politikar og motstandsmann frå Porsgrunn. Han var ordførar i Porsgrunn frå 1931 til -36, og representerte partiet Høgre og kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder fylke på Stortinget i tre valperiodar frå 1937 til 1953. Alfred P. Wright var far hans.

Carl P. Wright
Fødd 7. september 1893
Porsgrunn
Død

28. april 1961

Yrke politikar

Wright voks opp i Porsgrunn og tok eksamen ved Kristiania Handelsgymnasium 1913. Han tok over leiinga av firma P.M. Petersen & Søn etter far sin, og vart eineeigar i 1930. Frå 1920 var han disponent for Norrøna A/S som produserte og eksporterte slipeskiver, møllesteinar og treslipesteinar. Han var administrerande direktør i Norrøna A/S frå 1927 til han døydde.

Frå 1922 var Wright vald inn i Porsgrunn bystyre som representant for Høgre. Han fekk plass i formannskapet i 1925 og var varaordførar i 1928. Sidan var han ordførar i to valperiodar; 1931-36. Ved stortingsvalet hausten 1936 vart han vald inn på Stortinget frå dei åtte kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder, og var stortingsrepresentant då Noreg vart angripe 9. april 1940.

Wright deltok i kampane etter Nazi-Tysklands invasjon av Noreg, og var sterk motstandar av kompromiss med okkupasjonsmakta under forhandlingane sommaren/hausten 1940. Hausten 1940 var han med å organisere det fyrste motstandsarbeidet i Telemark, saman med Sverre Løberg og far og son Didrik Cappelen i Skien. Wright redigerte motstandsavisa Alt for Norge, og kom med i den såkalla Kretsen. Han vart arrestert av [[Gestapo}} og sat fengsla, for det meste på Møllergata 19 i tida frå 20. oktober til 6. februar 1942. Grunna tortur-skadar vart han overført til Ullevål sjukehus, der han klarde å rømme. Han kom seg så over til Sverige og vidare til Storbritannia. Frå 1942 til -45 var han marineoffiser og aktiv med militære oppgåver og offentlege verv fram til frigjeringa.

Gjennom stortingsvalet 1945 fekk Wright fornya tillit, og han vart attvald også i 1949. Alle sesjonane 1945-53 var han nestformann i Protokollkomiteen. Før stortingsvalet 1953 var valordninga med separate by- og landkrinsar oppheva, og veljarane gjekk til val i fylkesvise krinsar. Bymannen Wright tapte nominasjonen i Telemark Høgre, til fordel for John Lyng. Nominasjonsmøtet meinte Wright hadde liten appell utanfor byane i Telemark, og elles hadde uttent si tid. Trass i at Høgre auka med fire mandat i det nye stortinget, lukkast ikkje partiet å verte representert frå Telemark.

Wright tok verv som president i Norges Forsvarsforening 1957-61 og var styremedlem i Det norske Flyktningeråd. Frå 1956 til -59 var han styremedlem både Hjartdøla kraftverk, Bagn kraftverk og Åbjøra kraftverk. Elles var han ei tid formann i Norsk-Tsjekkoslovakisk Hjelpeforening.

Wright var katolikk og rådgjevar til biskop Jacob Mangers. Han stridde aktivt for å få fjerna grunnlovsforbodet mot jesuittane og var kontaktmann mellom den katolske kyrkja og dei politiske partia då saka kom opp i stortinget hausten 1956. Grunnlova vart endra 1. november 1956, etter særleg stor oppslutning i Arbeidarpartiet.

KjelderEndra