Carl and the Passions - «So Tough»
Carl and the Passions - «So Tough» Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. mai 1972 | |
Innspelt | 4. desember 1971- 13. april 1972 | |
Sjanger | Rock, soul, rhythm & blues | |
Lengd | 34:26 | |
Selskap | Brother/Reprise | |
Produsent | Carl Wilson, Brian Wilson, Dennis Wilson, Mike Love, Al Jardine, Ricky Fataar, Blondie Chaplin. | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
Surf's Up (1971) |
Carl and the Passions - «So Tough» | Holland (1973) |
Singlar frå Carl and the Passions – "So Tough" | ||
|
Carl and the Passions - «So Tough» er det 18. studioalbumet til The Beach Boys, og kom ut i 1972. Det kom ut som eit dobbeltalbum i lag med Pet Sounds. Carl and the Passions - "So Tough" var eit overgangsalbum der eit medlem slutta og to nye kom inn. Musikken var derfor inkonsistent og bleikna ved sidan av klassikaren frå 1966. Tittelen på albumet var ein referanse til eit band Carl Wilson hadde spelt i som tenåring (enkelte meiner det kan ha vore eit tidleg namn på the Beach Boys). Det var òg det første albumet deira som vart gjeven ut med ein platekontrakt hos Warner Bros. som gjorde at selskapet kunne distribuere alle framtidige Beach Boys-produkt i utlandet i tillegg til heimemarknaden.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Blender | |
Encyclopedia of Popular Music | [3] |
MusicHound | 3/5[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
I 1971 valde Carl Wilson (som no var leiaren i gruppa) å endre strukturen i The Beach Boys med å ta inn ein tredje gitarist, Blondie Chaplin. Med den soul-aktige vokalen sin gav han bandet eit sterkt R&B-element. I lag med han kom trommeslagar Ricky Fataar etter at Dennis Wilson hadde hatt ei ulukke som gjorde at han mista krafta i handa. Begge hadde tidlegare spelt i det britiske bandet The Flame.
Ikkje lenger etter innspelinga kom i gang, slutta Bruce Johnston etter at han hadde vorte uvener med manageren Jack Rieley.
Brian Wilson medverka på to songar og song korvokal på «Cuddle Up», «He Come Down», «Marcella» og «You Need A Mess Of Help To Stand Alone».
Dei forskjellige stilartane på albumet gjorde at det ikkje vart særleg godt motteke og nådde berre 50. plass i USA og 25. plass i Storbritannia, samt at det fekk dårleg kritikk. Kritikken har derimot vorte noko betre med åra.
Innhald
endreNr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «You Need a Mess of Help to Stand Alone» (Brian Wilson/Jack Rieley) | Carl Wilson | 3:27 |
2. | «Here She Comes» (Ricky Fataar/Blondie Chaplin) | Ricky Fataar og Blondie Chaplin | 5:10 |
3. | «He Come Down» (Brian Wilson/Al Jardine/Mike Love) | Mike Love, Blondie Chaplin, Al Jardine og Carl Wilson | 4:41 |
4. | «Marcella» (Brian Wilson/Tandyn Almer/Jack Rieley) | Carl Wilson og Mike Love | 3:54 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Hold On Dear Brother» (Ricky Fataar/Blondie Chaplin) | Blondie Chaplin | 4:43 |
6. | «Make It Good» (Dennis Wilson/Daryl Dragon) | Dennis Wilson | 2:36 |
7. | «All This Is That» (Alan Jardine/Carl Wilson/Mike Love) | Carl Wilson, Alan Jardine og Mike Love | 4:00 |
8. | «Cuddle Up» (Dennis Wilson/Daryl Dragon) | Dennis Wilson | 5:30 |
Medverkande
endrePer Scott McCaughey og CD-omslag frå 2000,[6] utanom der anna er nemnt.
- The Beach Boys
- Blondie Chaplin – vokal
- Ricky Fataar – vokal; trommer; slidegitar; produksjon på «Here She Comes» og «Hold On Dear Brother»
- Al Jardine – vokal; produksjon på «He Come Down» og «All This Is That»
- Mike Love – vokal
- Brian Wilson – vokal; produksjon på «You Need a Mess of Help to Stand Alone»
- Carl Wilson – vokal; gitar; bass; klaverinstrument; produksjon på «He Come Down,» «Marcella,» og «All This Is That»
- Dennis Wilson – vokal; produksjon på «Make It Good» og «Cuddle Up»
- Studiomusikarar og produksjon
- Stephen Moffitt – lydteknikar
- Ed Thrasher – kunstnarisk leiar
- David Willardson – plateomslag
- Daryl Dragon – Hammondorgel, spikerpiano, kanebjølle, slidegitar, fele, zither
Salslister
endre- Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1972 | Britiske album (OCC)[7] | 25 |
1972 | US Billboard 200 Albums Chart | 50 |
- Singlar i USA
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1972 | «Marcella» | US Billboard Singles Chart | 110 |
Salslister frå Allmusic og andre musikkdatabasar.[8]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carl and the Passions - "So Tough"» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bush, John (15. mai 1972). «Carl and the Passions - So Tough - The Beach Boys : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 11. juni 2012.
- ↑ Wolk, Douglas (October 2004). «The Beach Boys Carl and the Passions: So Tough/Holland». Blender. Arkivert frå originalen June 30, 2006. Henta June 2, 2017.
- ↑ Larkin, Colin, red. (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). London: Oxford University Press. s. 479. ISBN 978-0-19-531373-4.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 84. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Brackett, Nathan; with Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York, NY: Fireside/Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ McCaughey, Scott (2000). Carl and the Passions – «So Tough» / Holland (CD Liner). The Beach Boys. Capitol Records.
- ↑ "19720618 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
- ↑ «UK Top 40 Hit Database». EveryHit. Arkivert frå originalen 18. juli 2007.
- Carl and the Passions - "So Tough"/Holland CD-hefte, Elton John og Scott McCaughey, c.2000.
- "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
- "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
- Allmusic.com
Bakgrunnsstoff
endre- Tekstane til Carl and the Passions - "So Tough" Arkivert 2009-07-15 ved Wayback Machine.