Carlo Janka (fødd 15. oktober 1986) er ein sveitsisk skirennar frå Obersaxen i kantonen Graubünden.

Carlo Janka


Statsborgarskap Sveits
Fødd 15. oktober 1986 (37 år)
Obersaxen
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2014, Alpint under Vinter-OL 2010 – Storslalåm menn

Utmerkingar

Skieur d’Or

Carlo Janka i 2010

Aktiv endre

Janka debuterte i verdscupen i alpint i desember 2005, og tok sine fyrste poeng i desember 2006 med ein 20. plass i storslalåm i Alta Badia.

I utforrennet i Lake Louise i Canada 29. november 2008 suste Janka, frå startnummer 65, inn til ein overraskande andreplass. To veker seinare, 13. desember 2008, tok han steget heilt til topps i storslalåmrennet i Val-d’Isère og sikra seg dermed sin fyrste siger i verdscupen. Under alpin-VM i Val-d’Isère i februar 2009 vart han verdsmeister i storslalåm og fekk bronse i utfor. I 2008/09-sesongen vann han også pokalen som bestemann i den alpine kominasjonen av verdscupen.

Janka var i 2010-sesongen den beste skialpinisten i verda. Under vinter-OL i Vancouver vann han gull i storslalåm, kom på fjerdeplass i den alpine kombinasjonen, åttandeplass i super-G og på ellevteplass i utfor. Han vann verdscupen samanlagt og vart nummer to både i storslalåmcupen, utforcupen og kombinasjonscupen.

I 2011 vart han nummer tre i den totale verdscupen, bakom Ivica Kostelić frå Kroatia og sin eigen landsmann, Didier Cuche. Seks gongar kom han på pallen i verdscuprenn, hans einaste siger kom i storslalåm i Kranjska Gora i mars månad. 2012-sesongen vart heller mislukka for Janka, med ei einaste pallplassering.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Dato Stad Renn Medalje/plassering
13. februar 2009   Frankrike Val-d’Isère Storslalåm   Gull
7. februar 2009   Frankrike Val-d’Isère Utfor   Bronse
23. februar 2010   Canada Vancouver Storslalåm   Gull
9. februar 2011   Tyskland Garmisch-Partenkirchen Super-G Nr 7
18. februar 2011   Tyskland Garmisch-Partenkirchen Storslalåm Nr 7

Verdscupsigrar endre

Dato Stad Øving
13. desember 2008   Frankrike Val-d’Isère Storslalåm
16. januar 2009   Sveits Wengen Superkombinasjon
4. desember 2009   USA Beaver Creek Superkombinasjon
5. desember 2009   USA Beaver Creek Utfor
6. desember 2009   USA Beaver Creek Storslalåm
16. januar 2010   Sveits Wengen Utfor
7. mars 2010   Sveits Crans-Montana Super-G
12. mars 2010   Tyskland Garmisch-Partenkirchen Storslalåm

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre