Carmen Amaya (2. november 191819. november 1963) var ein spansk romani flamenco-dansar og -songar, fødd i Somorrostro-distriktet i Barcelona i Catalonia i Spania.

Carmen Amaya

Statsborgarskap Spania
Fødd 2. november 1918
Somorrostro
Død

19. november 1963 (45 år)
Begur

Yrke songar, bailadora flamenca, skodespelar
Språk spansk, katalansk
Ektefelle Juan Antonio Agüero González
Carmen Amaya på Commons

Ho er blitt hylla som «den største flamenco-dansaren nokonsinne»[1] og «den mest ekstraordinære personlegdommen i all tid innan flamenco-dans.»[2] Ho var den fyrste kvinnelege flamenco-dansaren til å meistra fottrinn som før berre blei nytta av dei beste mannlege dansarane, på grunn av farten og intensiteten i dei. Ho dansa av og til i bukser, som eit symbol på den sterke karakteren sin.

Biografi

endre

Carmen Amaya Amaya vart fødd i Somorrostro i Spania, i ein romanifamilie. Mor hennar var Micaela Amaya Moreno, og far hennar, José Amaya Amya (kjend som «El Chino», ‘kinesaren’), var gitarist. Carmen var den andre av elleve born, men berre seks av dei (tre systrer og to brør) voks opp. Ho var òg syskenbarn av dei kjende flamenco-dansarane La Chunga og La Chunguita.

 
Avisreklame frå 1942.

Amaya gjekk inn i flamenco-verda saman med faren sin, ein fattig gitarist som levde av å spela på utestader på dag- og nattestid.[3] Allereie då Carmen var lita byrja ho å gå ut med far sin om kveldane. Han akkompagnerte henne på gitar medan ho dansa. Dei tente på småmyntar som blei kasta på golvet til dei av publikum.[4] Snart fekk ho sitt første kallenamnet sitt, «La Capitana».[5]

Samstundes byrja ho å opptre på nokre mindre kjende teater. Etter at Josep Santpere, som dreiv varieteteførestillingar, fatta interesse for Carmen blei ho introduserte for meir prestisjefulle stader, og debuterte på det spanske teateret i Barcelona.[4] Kort tid etter opptredde ho på Palassteateret i Paris.[6][7]

I 1930 var ho medlem av Manuel Vallejo-kompaniet, og opptredde over heile Spania. Etter å ha vendt tilbake til Barcelona dansa ho på Teatro Español att, på oppfordring frå José Cepero.

Det året arbeidde ho ved Zarzuela-teateret, som òg er kjent som Coliseum, i Madrid med Conchita Piquer, Miguel de Molina og andre berømte kunstnarar, og på Fontalba-teateret. Dette var det nasjonale gjenombrotet til Carmen. Ho spelte ei lita rolle i filmen La hija de Juan Simón og Maria de la O,[4] og arbeidde for eit musikalsk magasin i Barcelona.

Juan Carceller hyra henne til ein turne. Ho drog til fleire store byar, mellom anna San Sebastián. I 1935 presenterte Luisita Esteo henne i Madrid, i ei framsyning på Coliseum. Den 18. juli 1936, då kuppet i Spania tok stad, var Carmen og gruppa hennar ved Zorrilla-teatret i Valladolid, og arbeidde for Carcellé. Dei var økonomisk trygge, og ho hadde kjøpt sin fyrste bil. Dei skulle dra til Lisboa for å underteikna leigeavtalen, men bilen blei rekvirert og dei kunne ikkje dra til Portugal før i november.[4]

Byrjinga på internasjonal suksess: Latin-Amerika (1936-1940)

endre

Like etter utbrotet av Den spanske borgarkrigen i 1936 var Carmen Amaya og gruppa hennar på turne i Valladolid med showet til Luisita Esteso. Dei kryssa grensa frå Spania til Portugal og kom snart til Lisboa. Derfrå segla dei til Buenos Aires med skipet «Monte Pascoal», som kryssa Atlanterhavet i løpet av femten dagar og kom fram til Brasil og Uruguay. Amaya debuterte i Buenos Aires, saman med Ramón Montoya og Sabica, på Maravillas-teateret.

Tid i USA (1941-1947)

endre

I USA møtte Carmen Amaya mange av dei mest innverknadsrike menneska i samtida. Ho drog fleire gonger til Hollywood for å laga film, og leiande personar innan film, musikk eller kultur ville sjå henne dansa. Musikaren Toscanini såg ein av framføringane hennar ein gong og erklærte at han aldri hadde sett ein artist med meir rytme og meir eld. Ho improviserte heile tida, både fort og perfekt.

Ho drog til New York i 1941 og opptredde i Carnegie Hall med Sabicas og Antonio de Triana. Då ho var i USA møtte ho òg den amerikanske presidenten Franklin Roosevelt, som skal ha invitert henne til å dansa i Det kvite huset. Ho drog tilbake til Europa der ho opptredde ved Théâtre des Champs-Élysées i Paris og seinare i London, der ho møtte den britiske dronninga.

Tilbake til Spania

endre

Då Carmen Amaya vende tilbake til Spania i 1947, var ho allereie verdskjend. I åra ho var i Amerika, blei ho ikkje berre profesjonelt etablert som ein artist, men blei òg ei legende. I samtida var framføringane hennar den dristigaste flamenco-dansen som nokon gong var blitt vist på teater.

Ho hadde stor suksess på Princess Theatre i London i 1948, og på den neste amerikanske turnéen sin. Ho hadde ein ny turné i Argentina i 1950.

Året etter drog ho tilbake til Spania att, og opptredde på Tivoli-teatret i Barcelona etter fleire framsyningar i Roma. Ho heldt fram med virket i Madrid, Paris, London og andre byar i Tyskland, Italia og resten av Europa. Den nye dronninga av England lykkeønska henne då ho opptredde der; Carmen Amaya og Elisabeth II blei avbilda saman i eit avisfoto med tittelen: «To dronningar ansikt til ansikt».

 
Carmen Amaya-fontena i Barcelona.
 
Monument reist til ære for Carmen Amaya i Begur.

I 1951 gifta ho seg med gitaristen Juan Antonio Agüero,[8] ein medlem av gruppa hennar. Han kom frå ein framståande familie frå Santander som ikkje hadde romanibakgrunn. I 1959 blei Carmen æra gjennom opningsseremonien for ei fontene som hadde namn etter henne. Fontane var plassert på Paseo Marítimo de Barcelona, som går gjennom nabolaget Somorrostro, stader ho hadde gått gjennom mange år tidlegare som ei fattig, berrføtt jente.

Ho spelte inn den siste filmen sin, Los Tarantos, av Rovira-Beleta i 1963.

Ei nyreliding gav henne dårleg helse som forverra seg under filminga. Carmen overvann helseproblema sine ei tid, og la ut på ein sommarturné. Den siste gongen ho opptredde i Madrid, var ho allereie dødssjuk, og legane kunne ikkje finna ei god behandling. Ho dansa til sist i Malaga. 8. august 1963, medan ho arbeidde i Gandía, avbraut Carmen opptreden. Medan ho dansa sa ho plutseleg til Batista: «Andrés, me er ferdige.»[9]

Carmen Amaya døydde av nyresjukdom i Begur i Girona i Catalonia i 1963. Ho er gravlagd på kyrkjegarden i Ciriego i Santander.

Filmar i utval

endre
  • 1929 - La bodega (Wine Cellars)
  • 1934 - 2 mujeres y 1 Don Juan
  • 1935 - La hija de Juan Simón
  • 1935 - Don Viudo de Rodríguez
  • 1936 - María de la O
  • 1939 - Embrujo del Fandango (Cuba)
  • 1941 - Original Gypsy dances
  • 1942 - Aires de Andalucía
  • 1942 - Panama Hattie
  • 1944 - Knickerbocker Holiday (Pierna de Plata)
  • 1944 - Follow the Boys (Sueños de Gloria)
  • 1945 - Los amores de un torero (México)
  • 1945 - See My Lawyer (Entiéndase con mi abogado)
  • 1953 - When Do You Commit Suicide? (1953 film)
  • 1954 - Dringue, Castrito y la lámpara de Aladino
  • 1955 - Música en la Noche
  • 1963 - Los Tarantos

Kjelder

endre
  1. Clarke, Mary & Crisp, Clement 1981. The history of dance. Orbis, London. p60
  2. Clarke, Mary & Vaughan, David 1977. The encyclopedia of dance & ballet. Pitman, London. p316
  3. Gerald H. Zuk; Carmen V. Zuk (2007). «Carmen Amaya: Gypsy Princess, Flamenco Dancer, and the Role of the Family». Contemporary Family Therapy (Springer Nature) 29 (1–2): 99–101. doi:10.1007/s10591-007-9028-0. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Biografia de la bailaora Carmen Amaya» (på spansk). Henta 29 May 2018. 
  5. «Carmen Amaya - RomArchive». 
  6. Leblon, Bernard (1995). Gypsies and Flamenco: The Emergence of the Art of Flamenco in Andalusia. Barcelona: Interface Collectin. s. 88. 
  7. Herbert, Kadison (1946). Flamenco Firebrand. Greenwich Village Chatter. s. 5–7. 
  8. Madridejos, Montse. «Las edades "movedizas" de Carmen Amaya» (PDF). Sinfonía Virtual. 
  9. «Biografia de la bailaora Carmen Amaya». 

Bibliografi

endre
  • Bois, Mario (1994). Carmen Amaya o la danza del fuego. Madrid: Espasa Calpe.
  • Dublin, Anne (2009). Dynamic Women Dancers. Second Story Press. s. 27. ISBN 978-1-897187-56-2. 
  • Hidalgo Gómez, Francisco (2010). Carmen Amaya. La biografía. Barcelona: Ediciones Carena.
  • Hidalgo Gómez, Francisco (1995). Carmen Amaya: cuando duermo sueño que estoy bailando. Barcelona. Libros PM.
  • Madridejos Mora, Montserrat (2012). El flamenco en la Barcelona de la Exposición Internacional (1929-1930). Barcelona: Edicions Bellaterra.
  • Madridejos Mora, Montserrat y David Pérez Merinero (2013), Carmen Amaya. Barcelona: Edicions Bellaterra.
  • Montañés, Salvador (1963). Carmen Amaya. La bailaora genial. Barcelona: Ediciones G.P.
  • Pujol Baulenas, Jordi y Carlos García de Olalla (2003). Carmen Amaya. El mar me enseñó a bailar. Barcelona: Almendra Music.
  • Sevilla, Paco (1999). Queen of the gypsies. The Life and legend of Carmen Amaya. San Diego, EE.UU: Sevilla Press.
  • Revista de l'Associació d'Investigació i Experimentació Teatral, año 2008 num 66-67