Carolina in My Mind
Carolina in My Mind Singel av James Taylor frå albumet James Taylor | ||
B-side |
«Taking It In» (1969 original) «Something's Wrong» (1970 reissue)[1] | |
---|---|---|
Utgjeve | February/March 1969 (original UK & US releases) October/November 1970 (US & UK reissues) | |
Innspelt | Juli–oktober 1968 | |
Sjanger | Folk rock, country pop | |
Lengd | 3:36 (original) 3:57 (1976 version) | |
Selskap | Apple | |
Låtskrivar(ar) | James Taylor | |
Produsent | Peter Asher | |
James Taylor-kronologi | ||
Something in the Way She Moves (1969) |
Carolina in My Mind | Knocking 'Round the Zoo (1969)
|
«Carolina in My Mind» er ein song som vart skriven og framført av visesongaren James Taylor, og kom fyrst ut på debutalbumet hans, James Taylor, i 1968. Taylor skreiv songen medan han var utanlands og spelte inn for The Beatles sitt plateselskap, Apple Records, og temaet i songen speglar heimlengt. Då songen vart gjeven ut som singel i 1969, fekk han kritikarane med seg, men ikkje den kommersielle suksessen. Songen vart spelt inn på nytt for Taylor sitt album frå 1976, Greatest Hits, og det er denne versjonen som er mest kjent for lyttarane. Songen har vore ein fast del av Taylor sine konsertar gjennom åra.
I 1969 vart songen ein beskjeden hit på countrylistene for songaren frå Nord-Carolina, George Hamilton IV, og var den første singelen frå albumet hans frå 1970, Back Where It's At. Sterkt knytt til ei kjensle av geografisk stadfesting, har «Carolina in My Mind» vorte kalla ein uoffisiell statshymne for Nord-Carolina. Songen er òg ein uoffisiell song for University of North Carolina at Chapel Hill, og blir spelt ved idrettsarrangement, og sunge av avgangsstudentar ved kvart studieår.[2] Assosiasjonane til songen med delstaten er òg gjort i skriftlege verk, både i fiksjon og sakprosa. Songen har vorte ein av dei mest kritikarroste songane til Taylor[3][4], og er ein song som har stor popularitet og meining for publikumet hans.[3]
Song og innspelingar
endreSongen viser til åra James Taylor voks opp i Nord-Carolina.[5] Taylor skreiv songen medan han spelte inn plate for The Beatles sitt plateselskap Apple Records i London. Han byrja å skrive songen hjå produsent Peter Asher i Marylebone High Street, heldt fram med arbeidet på songen medan han var på ferie på øya Formentera i Middelhavet, og fullførte han medan han sat fast på den nærliggande øya Ibiza saman med Karin, ei svensk jente han hadde nettopp møtt.[3][6] Songen gjenspeglar Taylor si heimlengt på den tida,[7] sidan han sakna familien sin, hunden sin og heimstaten sin.[6]
Dark and silent late last night,
I think I might have heard the highway calling ...
Geese in flight and dogs that bite
And signs that might be omens say I'm going, I'm going
I'm gone to Carolina in my mind.
Den originale innspelinga av songen vart gjort ved Trident Studios i London i perioden frå juli til oktober 1968, og vart produsert av Asher.[8] Songteksten «holy host of others standing around me» refererer til The Beatles, som spelte inn The Beatles i same studio som Taylor spelte inn sitt album.[5] Innspelinga av «Carolina in My Mind» inkluderer ein kreditert opptreden av Paul McCartney på bassgitar,[9] og ei ukreditert av George Harrison på korvokal.[5] Dei andre musikarane var Freddie Redd på orgel, Joel «Bishop» O'Brien på trommer og Mick Wayne som spelte ekstra gitar saman med Taylor.[8] Taylor og Asher song òg korvokal og Asher la til tamburin.[8] Richard Hewson arrangerte og dirigerte ein strykarseksjon;[8] og ein enno meir ambisiøs 30-manns orkesterdel vart spelt inn, men ikkje nytta.[5] Songen vart kritikarrost og Jon Landau si omtale av albumet i april 1969 i Rolling Stone kalla songen «vakker» og ein av dei «to mest djupverkande kutta» på albumet, og hylla McCartney sitt basspel som «ekstraordinært».[10] Taylor-biografen Timothy White kallar songen «meisterstykket» på albumet.[5] I ei melding 50 år seinare kalla Billboard songen «ein roleg Taylor-klassikar» og ein «stein-klassikar».[11]
Forskjellige versjonar av både denne songen og «Something in the Way She Moves» vart spelt inn på nytt av Taylor for bruk på samlealbumet hans frå 1976, Greatest Hits på grunn av vanskar med å skaffe lisensrettane frå Apple på 1970-talet og fordi ein ikkje var sikker på kvar dei originale lydbanda hos Apple var.[12] Dei nye innspelingane vart gjort i oktober 1976 på The Sound Factory i Los Angeles, og produksjonen vart igjen gjort av Peter Asher.[13]
Denne versjonen av «Carolina in My Mind» hadde eit meir langsamt tempo enn originalen, og med Taylor på den akustiske gitaren vart han akkompagnert av erfarne studiomusikarar frå Los Angeles, som Dan Dugmore på pedalsteelgitar (som var framheva i nedadgåande notesekvensar i slutten av songen), Lee Sklar på bass, Russ Kunkel på trommer, Clarence McDonald på piano, Andrew Gold på harmonium, og Byron Berline på fele.[13] Korvokal blei handtert av Gold og Taylor.[13] «Greatest Hits» selde til diamantplate, og selde meir enn 11 millionar kopiar i USA innan 2001 aleine,[12][14] og dette er versjonen av «Carolina in My Mind» som blei mest kjend. [7] Nyinnspelingar vart endå meir kritikarrost enn originalen. Bill Janovitz frå Allmusic sa at innspelinga frå 1976 «la vekt på den slappe, sårbare og melankolske countrymelankolien i songen»,[7] medan kritikar Stephen Holden i «Rolling Stone Record Guide» frå 1979 meinte at den «imponerande» nyinnspelingar viste kor mykje Taylor si songstemme hadde styrkt seg i løpet av dei mellomliggande åra.[4] Biograf White meinte at songen blei betre av å fjerna orkestreringa frå originalen.[5]
Innspelinga frå 1976 blei òg inkludert på James Taylor sin samling frå 2003, «The Best of James Taylor».
Salshistorie
endre
James Taylor:
|
George Hamilton IV:
Crystal Mansion:
|
Andre versjonar
endreSjølv om «Carolina in My Mind» ikkje fekk mykje merksemd frå publikum ved opphavleg utgjeving, gjorde den det frå andre artistar. Han nådde 29. plassen på den amerikanske country-listea og tredjeplassen i Canada i 1969 for songaren frå Nord-Carolina, George Hamilton IV.[22] The Everly Brothers gav òg ut songen som ein singel i 1969, med tittelen «Carolina on My Mind», men denne gjekk ikkje inn på listene;[23] denne kom seinare ut i 1994 i plateboksen Heartaches and Harmonies. Evie Sands var òg innom songen på albumet sitt frå 1969, Any Way That You Want Me.[24]
Songen vart spelt inn av songaren George Hamilton IV og nådde 29. plassen på countrylistene og tredjeplassen i Canada i 1969.[25] The Everly Brothers gav ut songen som singel i 1969, med tittelen «Carolina on My Mind», men denne nådde ikkje nokre lister.[26] Denne var seinare gjeven ut i plateboksen deira Heartaches and Harmonies frå 1994. Evie Sands tok òg med songen på albumet sitt frå 1969, Any Way That You Want Me.[27]
Songen vart spelt inn av Melanie på albumet hennar Candles in the Rain frå april 1970; arrangementet og vokalfraseringa er ulik Taylor sin, og Allmusic skriv at hennar versjon «eksisterer på eit heilt anna nivå enn originalen».[28] Songen vart òg spelt inn i meir konvensjonell folkrock-form av John Denver på albumet hans Take Me to Tomorrow frå mai 1970.[29] Den Philadelphia-baserte popgruppa Crystal Mansion gav ut ein versjon i oktober 1970 som nådde 73. plassen på singellistene i USA.[30] Dawn inkluderte ein versjon av songen på debutalbumet deira frå 1970, Candida. Rundt same tid spelte Glen Campbell songen som eit raskare country-duett med Linda Ronstadt på hans populære TV-program The Glen Campbell Goodtime Hour;\. Denne kom seinare ut i videosamlinga Good Times Again i 2007.[31]
Songen vart sidan så sterkt identifisert med Taylor at andre artistar i stor grad held seg unna songen, men seint i 2000-åra var det kring 60 album (inkludert album av Taylor sjølv) med songen på.[32]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carolina in My Mind» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1976). All Together Now. Pierian Press. s. 75, 93.
- ↑ Keyes, Brian (24. juni 2019). «Alumni reflect on how 'Carolina in My Mind' stays with them years after graduation». The Daily Tar Heel. Henta 26. juni 2019.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Halperin, Ian (2003). Fire and Rain: The James Taylor Story (Revised utg.). Citadel Press. s. 71. ISBN 0-8065-2348-4.
- ↑ 4,0 4,1 Dave Marsh; John Swenson, red. (1979). The Rolling Stone Record Guide. Random House/Rolling Stone Press. s. 379. ISBN 0-394-73535-8.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 White, Timothy. James Taylor: Long Ago and Far Away, Omnibus Press, 2002, ISBN 0-7119-9193-6. s. 137–140.
- ↑ 6,0 6,1 Taylor, James. (2007). One Man Band. [DVD]. Hear Music.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Janovitz, Bill. «Carolina in My Mind: Song Review». Allmusic. Henta 2. april 2009.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 James Taylor (Vinyl inside gatefold) . James Taylor. Apple Records. 1968.
- ↑ Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1977). «1967 – It's Lonely at the Top». All Together Now – The First Complete Beatles Discography 1961–1975 (Second utg.). New York: Ballantine Books. s. 71. ISBN 0-345-25680-8.
- ↑ Landau, Jon (19. april 1969). «Album Reviews: James Taylor». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 29. mars 2010. Henta 25. august 2017.
- ↑ Enos, Morgan (6. desember 2018). «James Taylor's Self-Titled Debut Turns 50: A Track-by-Track Retrospective». Billboard.
- ↑ 12,0 12,1 White, Long Ago and Far Away, s. 240.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 Greatest Hits (Vinyl inside gatefold) . James Taylor. Warner Bros. Records. 1976.
- ↑ «Gold & Platinum». RIAA. Henta 16. februar 2022.
- ↑ Joel Whitburn's Bubbling Under the Billboard Hot 100 1959–2004
- ↑ 16,0 16,1 «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 3. januar 1970. Henta 4. april 2017.
- ↑ 17,0 17,1 Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–1990 – ISBN 0-89820-089-X
- ↑ 18,0 18,1 «Cash Box Top 100 Singles, 12. desember 1970». Arkivert frå originalen 8. juni 2015. Henta 4. desember 2017.
- ↑ «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 1. januar 1970. Henta 12. januar 2020.
- ↑ "Hamilton IV?f=357&g=Singles George Hamilton IV Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for George Hamilton IV. Prometheus Global Media.
- ↑ Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research.
- ↑ Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Country Hits (2nd utg.). Billboard Books. s. 418. ISBN 0-8230-8291-1.
- ↑ Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography. Canongate Books. s. 515. ISBN 1-84195-615-5.
- ↑ «Any Way That You Want Me». Allmusic. Henta 28. juni 2009.
- ↑ Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Country Hits (2nd utg.). Billboard Books. s. 418. ISBN 0-8230-8291-1.
- ↑ Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography. Canongate Books. s. 515. ISBN 1-84195-615-5.
- ↑ «Any Way That You Want Me». Allmusic. Henta 29. mars 2023.
- ↑ Deming, Mark. «Candles in the Rain: Review». Allmusic. Henta 4. april 2009.
- ↑ Ober, Chick (28. juni 1970). «Jerry Hahn Brotherhood – An Array of Sound». St. Petersburg Times. s. 69. Henta 16. februar 2022 – via Newspapers.com.
- ↑ Whitburn, Joel (2000). Top Pop Singles 1955–1999. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. s. 151. ISBN 0-89820-140-3.
- ↑ Roland, Tom (30. november 2007). «Glen Campbell Recalls Good Times». CMT News. Henta 29. mars 2023.
- ↑ «Song Search Results for: Carolina In My Mind (60)». Allmusic. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 29. mars 2023.