Caucahokko

fugleart
Caucahokko
Caucahokko
Caucahokko
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Hokkoar Cracidae
Slekt: Penelope
Art: Caucahokko P. perspicax
Vitskapleg namn
Penelope perspicax

Caucahokko (Penelope perspicax) er ein fugl i hokkofamilien og er endemisk til Colombia med utbreiing i på særs oppstykka lokalitetar i vestre Colombia, innanfor departementa Valle del Cauca, Cauca, Risaralda og Quindío.

Caucahokko er ein mellomstor til stor hokko, 76 cm i lengd. Den mest framtredande farga i fjørdrakta er djup kastanjebrun: Heile oversida med venger, overgump og hale har denne farga. Nakken, halsen og øvre buk er mørkare med kvite fjørkantar som dannar sjatteringar.

Habitata til caucahokko ligg typisk mellom 1300 og 2100 moh., somme tider heilt opp mot 2700 moh. I utbreiingsområdet er dette fuktig skog i øvre tropiske og subtropiske sonar. Utbreiinga er innskrenka til ca. 5 % av det tidlegare leveområdet er no på små lokalitetar på vestsida av både vestre og sentrale Andes.

Caucahokkoar beitar i tre, der dei tar frukt og blomar som gjer ut for det meste av innhaldet i dietten deira. Dei dannar flokkar på typisk 3-6 individ under beiting og er truleg standfuglar.

Lætet er som for andre hokkoar, høg tuting, men dei har òg andre vokaliseringar for bruk til å sleppe unna farar, til å varsle med, og ein slags song av gjentatte 'sjirivisji, sjirivisji'.

Caucahokko hekkar sesongmessig i våte periodar mellom september og mars.

Denne hokkoarten har ein estimert populasjon på totalt mellom 350 og 1500 individ, og populasjonen er minkande. Han er klassifisert som truga (EN). Trugsmåla er habitatstap og ulovleg jakt.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Caucahokko