Champ
Champ (irsk brúitín) er ein irsk matrett[1] laga av potetstappe blanda med hakka vårlauk og smør, mjølk og eventuelt salt og pepar. Fram til 1900-talet kunne ein også laga retten med brennesle, men dette er blitt lite vanleg no.
Champ likner ein annan irsk rett, colcannon, som bruker kvitkål eller grønkål i staden for vårlauk. Champ er utbreidd i Ulster medan colcannon er meir utbreidd i dei andre irske provinsane.
Kjelder
endre- ↑ Carleton, William; O'Donoghue, David James (1896). Traits and stories of the Irish peasantry, Volume 4. London: J. M. Dent & Co. s. 328.
- Denne artikkelen bygger på «Champ (food)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2020.