Colcannon
Colcannon (irsk cál ceannann) er ein tradisjonell irsk matrett som hovudsakleg består av potetstappe og kokt kål. I tillegg blandar ein gjerne inn smør og mjølk eller krem.
For å laga retten koker ein potetene og moser dei med mjølk. Ein tek så finhakka kål (grønkål eller kvitkål) som kan vera kokt på førehand og blandar det saman. Det går også an å tilsetja andre grøne urter.[1] Til slutt tilset ein smør, salt og pepar.[2] Ein vanleg måte å servera retten på er med eit smørauge i midten.[3]
Vanlegvis blir retten eten anten for seg sjølv eller med kokt skinke eller ryggflesk. Ettersom ingrediensane er billege og retten mettande har han vore ein viktig del av den irske husmannskosten.
Ein irsk halloweentradisjon går ut på å servera colcannon med gjenstandar oppi, som ein ring, eit fingerbøl og myntar.[4] Ein annan tradisjon for ugifte kvinner gjekk ut på å henga ein sokk med litt colcannon oppi på døra; den første mannen som gjekk gjennom kom til å bli ektemannen deira.[3]
Champ er ein liknande irsk rett som blir laga med vårlauk.[3] Colcannon kan også liknast med dei skotske rettane clapshot og rumbledethumps og den nederlandske stamppot. Colcannon kan steikast opp att til bubble and squeak.
Song
endreSongen «Colcannon» eller «The Skillet Pot» er ei irish folkevise som er blitt spelt inn av ei rekkje artistar, mellom anna Mary Black.[4][5] Han byrjar slik:
Did you ever eat Colcannon, made from lovely pickled cream?
With the greens and scallions mingled like a picture in a dream.
Did you ever make a hole on top to hold the melting flake
Of the creamy, flavoured butter that your mother used to make?
Refreng:
Yes you did, so you did, so did he and so did I.
And the more I think about it sure the nearer I'm to cry.
Oh, wasn't it the happy days when troubles we had not,
And our mothers made Colcannon in the little skillet pot.
Kjelder
endre- ↑ Andrews, Colman. The Country Cooking of Ireland.
- ↑ «Colcannon Recipe with Kale - Bord Bia», www.bordbia.ie, henta 20. oktober 2019
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Sheraton, Mimi. 1,000 Foods To Eat Before You Die: A Food Lover's Life List.
- ↑ 4,0 4,1 Allen, Darina (2012). Irish Traditional Cooking. Dublin: Gill and Macmillan. s. 152. ISBN 9780717154364.
- ↑ "The Black Family" CD, 1986, Dara Records, DARA CD 023
- Denne artikkelen bygger på «Colcannon» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2019.