Charles Wheatstone

Sir Charles Wheatstone (6. februar 180219. oktober 1875) var ein britisk fysikar.

Charles Wheatstone

Wheatstone, teikna av Samuel Laurence i 1868
Fødd6. februar 1802
Gloucester i England
Død19. oktober 1875 (73 år)
Paris i Frankrike
BustadStorbritannia
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
OmrådeFysikk
Yrkekryptograf, matematikar, fysikar, oppfinnar, musikkinstrumentmaker, fotograf
InstitusjonarKing’s College London
Kjend forWheatstones bru, Playfair-chiffer, tidlege medverkander til spektroskopi og telegrafi
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Det bayerske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
Institution of Civil Engineers
Accademia delle Scienze di Torino

Han vart professor ved King's College i London i 1834. Han utførte målingar av tidsforløpet av elektriske utladingar ved hjelp av roterande spegel, og gjorde fleire tekniske oppfinningar. Mest kjend er Wheatstones bru for måling av elektrisk resistans. Han konstruerte òg ein maskin for kryptografi, eit stereoskop, elektriske registreringsapparat for meteorologiske instrument og concertinaen, ein type trekkspel. Saman med W. F. Cooke tok han i 1837 ut patent for elektrisk telegraf og konstruerte 1858 ein hurtigtelegraf med holband. Wheatstone reknast som den praktiske grunnleggjaren av moderne telegrafi.

Kjelder endre

«Charles_Wheatstone» i Store norske leksikon, snl.no.