Chicago 19
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 20. juni 1988
Innspelt hausten 1987 - våren 1988
Sjanger Rock
Lengd 44:24
Selskap Full Moon/Reprise
Produsent Ron Nevison
and Chas Sandford
Chicago-kronologi 
Chicago 18
(1986)
Chicago 19 Greatest Hits 1982–1989
(1989)


Chicago 19 er det sekstande studioalbumet til det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1988. Etter innspelinga av Chicago 18 med David Foster, valde bandet å hovudsakleg arbeide med produsentane Ron Nevison og Chas Sandford for dette albumet. Selskapet deira Full Moon Records flytta til Reprise Records.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

Bakgrunn

endre

Albumet fekk ei liknande mottaking som føregangaren og Chicago 19 vart ein suksess på albumlista i USA og selde til platinaplate med fleire hitsinglar. Albumet inneheld «Look Away» (1. plassen), «I Don't Wanna Live Without Your Love» (3. plassen) og «You're Not Alone» (10. plassen). Ein lett remiksa versjon av Jason Scheff sinn «What Kind Of Man Would I Be?» (5. plassen) vart òg ein suksess seint i 1989 som ein del av Greatest Hits 1982-1989 som kom då. Klaverspelaren og songaren Bill Champlin syng solovokal på dei tre hitsinglane på albumet. Bandet nytta seg av fleire låtskrivarar som ikkje var med i bandet, ein trend som starta på det førre albumet. Dei to første singlane vart skrivne av Diane Warren, og den tredje av briten Jimmy Scott.[2]

Etter innspelinga av Chicago 19, slutta trommeslagaren Danny Seraphine i bandet, som hadde vore med i bandet sidan starten, 20 år tidlegare. Studiotrommisen Tris Imboden vart med i bandet på det neste albumet, Twenty 1.

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
1.«Heart in Pieces»Tim Feehan/Brian MacLeodScheff5:04
2.«I Don't Wanna Live Without Your Love»Diane Warren/Albert HammondChamplin3:55
3.«I Stand Up»Lamm/Gerard McMahonLamm4:06
4.«We Can Last Forever»Scheff/John DexterScheff3:45
5.«Come In from the Night»Champlin/Bruce GaitschChamplin4:43
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
6.«Look Away»WarrenChamplin4:02
7.«What Kind of Man Would I Be?»Scheff/Chas Sandford/Bobby CaldwellScheff4:21
8.«Runaround»Champlin/ScheffChamplin, with Scheff4:10
9.«You're Not Alone»Jim ScottChamplin3:56
10.«Victorious»Marc Jordan/John CapekLamm6:02

Chicago 19 (Full Moon/Reprise 25714) nådde 37. plassen på den amerikanske albumlista, og låg på lista i 42 veker. Albumet gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.

Medverkande

endre

Chicago

endre

Andre musikarar

endre
  • Phillip Ashley, John Campbell & Charles Judge – klaverinstrument
  • Chas Sandford & Dann Huff – gitarar
  • Mike Murphy – programmering, kubjølle, drum technichian
  • Peter Kaye & Peter Maher – programmering
  • Kiki Ebsen – programmering & klaverinstrument
  • Efrain Toro – trommeprogrammering
  • Paul Jamieson – trommeteknikar
  • Tamara Champlin - korvokal
  • Tim Feehan – korvokal på «Heart In Pieces»

Produksjon

endre
  • Produsert av Ron Nevison (2,4,6,9) & Chas Sandford (1,3,5,7,8,10)
  • Lydteknikar: Ron Nevison (2,4,6,9), assistert av Bob Vogt, Nick Basich, Stan Katayama, Jeff Poe & Michael E. Hutchinson
  • Lydteknikar: Chas Sandford & Gary McGachan (1,3,5,7,8,10), assistert av Daren Chadwick
  • Miksa av Greg Walsh, James Guthrie & Chas Sandford
  • Produksjonsassistent til Ron Nevison: Deandra Miller
  • Produksjonsassistent til Chas Sandford: Lisa M. Allen
  • Plateomslag: Janet Levinson
  • Dataillustrasjon: Jim Hillin for DeGraf/Wahrman Inc.
  • Rettleiing: Howard Kaufman for Front Line Management

Lister

endre

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1988 The Billboard 200 37

Singlar - Billboard (USA)

Utgjeve Tittel U.S. Hot 100 U.S. AC
Mai 1988 «I Don't Wanna Live Without Your Love» 3 5
September 1988 «Look Away» 1 1
Januar 1989 «You're Not Alone» 10 9
April 1989 «We Can Last Forever» 55 12

Kjelder

endre
  1. Chicago 19Allmusic. Henta 30. oktober 2015.
  2. «Jimmy Scott, låtskrivar». Henta 30. oktober 2015. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

endre