Twenty 1
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 29. januar 1991
Innspelt 1990–1991
Sjanger Rock
Lengd 52:01
Selskap Full Moon/Reprise Records
Produsent Ron Nevison
utanom «Explain It To My Heart»: Humberto Gatica
Chicago-kronologi 
Group Portrait
(1991)
Twenty 1 Night & Day Big Band
(1995)


Twenty 1 er det 17. studioalbumet (og det 21. i alt) av det amerikanske bandet Chicago. Det kom ut 29. januar 1991 og var det første albumet deira i 1990-åra. Twenty 1 låg 11 veker på den amerikanske Billboard 200, og nådde ein 66. plass,[2] men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

Bakgrunn endre

Under innspelinga av Twenty 1 vart det store byte i bandbesetninga. Den opphavlege trommeslagaren Danny Seraphine hadde slutta, og Tris Imboden hadde kome inn på trommer, men det er studiotrommisen John Keane som spelar på dei fleste songane på albumet. Turnégitaristen deira sidan 1986, Dawayne Bailey, spelte som ekstragitarist på Twenty 1.

Bandet henta inn att produsenten Ron Nevison frå Chicago 19. I følgje Nevison var arbeidet med albumet noko fragmentert og bandmedlemmane spelte sjeldan i studio i lag, og arbeidet fortsette med studiomusikarar medan bandet var på turné. Humberto Gatica vart så leigd inn til å mikse albumet, utan at Nevison var med på den biten.[3]

Musikken for Twenty 1 vart rekna som kommersiell, men skiftet i musikken mot den gryande grunge-røsla gjorde at Chicago mista verdifull radiotid. Nevsion har sagt at om dei originale miksane hans hadde blitt nytta, hadde han vore meir nøgd med albumet og at det då i teorien kunne vore ein større suksess.[3] Singelen «Chasin' The Wind» nådde nr. 39 og Twenty 1 sjølv nådde 66. plassen, og låg i alt 11 veker inne på lista,[2] og det vart dermed det nest minst suksessrike albumet deira, berre bak Chicago XIV.

For det som skulle vere det 22. albumet til bandet, Stone of Sisyphus, leigde Chicago inn produsenten Peter Wolf for å utvikle det som skulle bli eit meir ambisiøst og eksperimentelt album. Albumet vart planlagt utgjeve i 1994, men vart utsett og det skulle ta fjorten år, den 17. juni 2008, før det kom ut som Chicago XXXII: Stone of Sisyphus. Ein demo av «Love is Forever» frå Twenty 1-innspelingane var med på Sisyphus.

Twenty 1 var det siste albumet til Chicago med originale songar før Chicago XXX i 2006.

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
1.«Explain It to My Heart»Diane WarrenScheff, with Champlin4:44
2.«If It Were You»Jason Scheff/Darin Scheff/Tony SmithScheff4:43
3.«You Come to My Senses»Billy Steinberg/Tom KellyScheff3:49
4.«Somebody, Somewhere»Champlin/Dennis Matkosky/Kevin DukesChamplin4:21
5.«What Does It Take»Scheff/Gerard McMahonScheff4:38
6.«One from the Heart»Robert Lamm/McMahonLamm4:43
7.«Chasin' the Wind»WarrenChamplin4:18
8.«God Save the Queen»James Pankow/ScheffChamplin4:19
9.«Man to Woman»Scheff/Adam MitchellScheff3:56
10.«Only Time Can Heal the Wounded»Lamm/McMahonLamm4:43
11.«Who Do You Love»Champlin/MatkoskyChamplin3:20
12.«Holdin' On»Champlin/Tom SavianoChamplin, with Scheff4:15

Medverkande endre

Andre medverkande

Produksjon endre

  • Produsent og lydteknikar: Humberto Gatica (spor nr. 1), Ron Nevison (spor nr. 2-12)
  • Assisterande lydteknikarar – Jim Mitchell & Jeff Poe, Alex Rodriguez
  • Miksa av Humberto Gatica
  • Produksjonsassistent – Deandra Miller
  • Fotografi – Chris Cuffaro
  • Plateomslag – Kosh Brooks Design

[4]

Kjelder endre

  1. Twenty 1Allmusic. Henta 8. juni 2013.
  2. 2,0 2,1 «Billboard 200: 1991: Chicago». Henta 25. juli 2014. 
  3. 3,0 3,1 Nevison, Ron (28. mai 2010). Anatomy of an Album: Produsent Ron Nevison Discusses «Chicago Twenty 1?. Interview with Jeff Giles. Popdose. Henta 30. oktober 2015. [daud lenkje]
  4. Twenty 1Allmusic. Henta 30. oktober 2015.