Albert Louis Hammond OBE (fødd 18. mai 1944) er ein engelsk songar, låtskrivar og plateprodusent som voks opp i Gibraltar.

Albert Hammond

Albert Hammond i Nürnberg (2013).
Fødd18. mai 1944 (79 år)
FødestadLondon i England
FødenamnAlbert Louis Hammond
OpphavGibraltar
Aktiv1960 til i dag
Sjangerpoprock, softrock
InstrumentGitar, piano, vokal
Tilknytte artistarThe Family Dogg, Duffy
Verka somSongar-låtskrivar, musikar, plateprodusent
BornAlbert Hammond jr.
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen

Albert Hammond var ein av dei mest suksessrike låtskrivarane frå England i 1960- og 1970-åra, og har hatt ein lang karriere som plateartist.[1]

Biografi endre

Han var fødd i London i 1944, men familien kom frå det britiske Gibraltar. Dei hadde evakuert til London under andre verdskrigen. Hammond voks opp i Gibraltar og snakka både engelsk og spansk flytande.[1]

I tidleg alder byrja Hammond og spele i ein duo med venen Richard Cartwright kalla the Diamond Boys. Dei spelte inn dei to første songane til Hammond, «New Orleans» og «Fools in Love», som vart gjevne ut på singel på Parlophone. Duoen vann Circo-prisen i Madrid og dette skaffa dei platekontrakt med RCA Records, og dei gav ut ein EP med ein coverversjon av «What'd I Say». Gruppa vart oppløyst kort tid etter og Hammond og Cartwright flytta til England, der dei ei kort stund spelte i bandet Los Cincos Ricardos, som spelte inn singelen «Most Exclusive Residence for Sale». Eit anna medlem i bandet var Mike Hazelwood. Desse to, og andre samarbeidspartnarar som Scott English og Tony Macaulay. Ein song av Macaulay og Hammond, «Oklahoma Sunday Morning», vart spelt inn av Glen Campbell før han slo gjennom. Hammond og Hazelwood fekk den første suksessen sin med den britiske fjernsynsserien Oliver in the Overworld, som dei skreiv alle songane for, mellom anna «Gimme Dat Ding». Songen var lenge relativt ukjend før han vart meir kjend mot slutten av tiåret.[1]

Hammond byrja òg å arbeide som studiomusikar i London, og spelte på innspelingar av Dave Dee, Dozy, Beaky, Mick & Tich. I 1967 danna han, Hazelwood og venen deira Steve Rowland, gruppa Family Dogg, som fekk ein singel inn på singellista, «A Way of Life», i 1969. Gruppa vart oppløyst etter at debutalbumet deira selde dårleg. Hammond og Rowland skreiv òg musikk i lag og spelte inn fleire singlar saman under forskjellige namn. Hammond fekk ei rekkje hittar mot slutten av 1960-åra som låtskrivar, som «Little Arrows» av Leapy Lee i 1968; «Make Me an Island» og «You're Such a Good Looking Woman» av den irske songaren Joe Dolan i 1969 og 1970; «Good Morning Freedom» av Blue Mink i 1970; «Gimme Dat Ding» i ei innspeling av the Pipkins i 1970, som vart ein hit på begge sider av Atlanteren, og «Freedom Come, Freedom Go» av the Fortunes i 1971. Hammond song òg på det fjere albumet til Michael Chapman, Wrecked Again, i 1971 og arbeidde ei kort stund med the Magic Lanterns på innspelingar av songane hans og Hazelwood.

Hammond og Hazelwood enda opp i USA i samband med ein musikal, og her sleit han lenge med å skaffe seg ein platekontrakt. Han enda til slutt opp på eit nytt selskap, Mums, og dei gav ut singelen «It Never Rains in Southern California», som vart spelt inn med studiomusikarar frå øvste hylle i Los Angeles. Songen nådde femteplassen på singellista i USA og selde over ein million verda over. Dette vart den første av åtte hitsinglar Hammond fekk dei neste fem åra. Albumet med same namn kom ut same året, 1972. Andre songar på albumet var «Down by the River» og «If You Gotta Break Another Heart» -- som vart spelt inn av Cass Elliot i ein noko omskriven versjon - og «The Air That I Breathe». Sistnemnde var favoritten til Hammond på albumet[1] og vart spelt inn som den siste store, internasjonale hitten til the Hollies. Det neste albumet til Hammond, The Free Electric Band selde noko dårlegare. Den neste hitten hans, «I'm a Train» kom ut i ei tid med stor aktivitet for Hammond. Han produserte innspelingar for Johnny Cash («Praise the Lord and Pass the Soup», skriven av Hammond-Hazelwood), samarbeidde med Richard Carpenter og John Bettis («I Need to Be in Love»), skreiv songar med Art Garfunkel, og ut av det sistnemnde prosjektet, spelte han inn det tredje albumet sitt, produsert av Garfunkel-produsenten Roy Halee. I midten av 1970-åra arbeidde han med produsenten Phil Ramone og samarbeidde med tekstforfattaren Hal David, og skapte ein stor hit med «99 Miles from L.A.».

Mot slutten av 1970-åra var Hammond ein av dei travlaste mennene i musikkbransjen, og tok seg av to fullt utvikla platekarrierer. Ikkje berre skreiv han ei rekkj engelske hitsinglar og album, men mot slutten av 1970-åra retta han òg målet mot eit spansktalande publikum, som gav han ein ny runde med hittar. Han skreiv songar for StarshipNothing's Gonna Stop Us Now») og ChicagoI Don't Wanna Live Without Your Love»), i samarbeid med Diane Warren, og skreiv ein monsterhit for Willie Nelson og Julio Iglesias med «To All the Girls I've Loved Before» (med Hal David). Hammond har halde fram musikkarrieren fram til 2000-talet, inkludert eit nytt album, Revolution of the Heart, i 2005.

Sonen hans Albert Hammond jr. er gitarist og medlem av the Strokes.

Diskografi endre

Album endre

År Album US Billboard Top 200 Plateselskap
1972 It Never Rains in Southern California 77 Epic Records
1973 The Free Electric Band 193 Mums Records
1974 Albert Hammond Epic Records
1975 99 Miles from L.A. Epic Records
1976 Canta Sus Grandes Éxitos En Español E Inglés Epic Records
1976 My Spanish Album Epic Records
1977 Mi Album de Recuerdos Epic Records
1977 When I Need You Epic Records
1978 Albert Louis Hammond Epic Records
1979 Al Otro Lado Del Sol Epic Records
1979 Comprenderte Epic Records
1981 Your World and My World Columbia Records
1982 Somewhere in America Columbia Records
1986 Hammond & West (med Albert West) K-Tel
1989 Best of Me CBS
1996 Coplas and Songs Epic Records
2005 Revolution of the Heart SPV GmbH
2010 Legend Sony Music
2012 Legend II Sony Music
2013 Songbook 2013 Live in Wilhelmshaven Hypertension

Singlar endre

År Tittel Plassering Plateselskap B-side Album
US AC UK
1972 «Down by the River» 91 38 - CBS Records «The Last One To Know» It Never Rains in Southern California
«It Never Rains in Southern California» 5 2 - Mums Records «Anyone Here in the Audience»
1973 «If You Gotta Break Another Heart» 63 - - Epic Records «From Great Britain To L.A.»
«The Free Electric Band» 48 - 19 Mums Records «You Taught Me to Sing the Blues» The Free Electric Band
«The Peacemaker» 80 51 - Mums Records «Who's For Lunch Today»
«Half a Million Miles From Home» 87 26 - Epic Records «I Think I'll Go That Way» Albert Hammond
1974 «I'm a Train» 31 15 - Mums Records «Brand New Day»
«I Don't Wanna Die in an Air Disaster» 81 - - Epic Records «Candle Light, Sweet Candle Light»
«99 Miles From L.A.» 91 1 - Epic Records «The Face Not The Image» 99 Miles From L.A.
1981 «When I'm Gone» - - - Columbia Records «World of Love" Your World and My World
«Memories» - - - Columbia Records «I Want You Back Here With Me»
«Your World and My World» - - - Columbia Records «I'm a Camera»
1982 «Somewhere In America» - - - Columbia Records «Before You Change the World» Somewhere In America

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Albert Hammond