Chicago VIII
Chicago VIII Studioalbum av Chicago | ||
Utgjeve | 24. mars 1975 | |
Innspelt | August – september 1974, Caribou Ranch i Nederland, CO | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 39:18 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | James William Guercio | |
Chicago-kronologi | ||
---|---|---|
Chicago VII (1974) |
Chicago VIII | Chicago IX – Chicago's Greatest Hits (1975) |
Singlar frå Chicago VIII | ||
|
Chicago VIII er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Chicago, gjeve ut i 1975. Etter det meir eksperimentelle jazz/pop-albumet Chicago VII, gjekk bandet her mot ein meir straumlinja stil.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Bakgrunn
endreEtter fem år på rad med konstant aktivitet, kjende medlemmane seg i Chicago slitne då dei kom for å spele inn Chicago VIII hos produsenten James William Guercio sin Caribou Ranch i Colorado sommaren 1974. Sjølv om ein finn spor av dei forskjellige stilane som vart utforska på Chicago VI, har dette albumet ei langt meir rockekjensle, som på Peter Cetera sin «Anyway You Want» (seinare spelt inn av den kanadiske songaren Charity Brown) og «Hideaway», i tillegg til Terry Kath si hyllest til Hendrix «Oh, Thank You Great Spirit» og James Pankow-hitten «Old Days» (5. plass). Balladen «Brand New Love Affair, Part I & II» nådde 61. plassen på lista.
Den første singelen frå albumet var Lamm sin nostalgiske «Harry Truman» (13. plassen). Chicago VIII vart halde attende til mars 1975, sidan Chicago VII framleis låg høgt på listene. Albumet gjekk rett inn på førsteplassen på albumlista i USA, men fekk lunken mottaking av musikkpressa og vert rekna som eit av dei svakare albuma deira. Det var òg det første albumet med studioperkusjonist Laudir de Oliveira som fulltidsmedlem av bandet, den første endringa i besetninga til bandet.
Albumet fekk middels kritikk og vart gjeve ut både i stereo og kvadrofonisk lyd. I 2002 vart Chicago VIII mastra på ny og gjeve ut av Rhino Records med tre bonusspor: «Sixth Sense» (ein instrumental) av Kath og «Bright Eyes» av Lamm, i tillegg til ein versjon av «Satin Doll» spelt inn for Dick Clark's «Rockin' New Year's Eve».
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Anyway You Want» | Peter Cetera | Peter Cetera | 3:37 |
2. | «Brand New Love Affair, Part I & II» | James Pankow | Terry Kath & Peter Cetera | 4:28 |
3. | «Never Been in Love Before» | Robert Lamm | Peter Cetera | 4:10 |
4. | «Hideaway» | Peter Cetera | Peter Cetera | 4:44 |
5. | «Till We Meet Again» | Terry Kath | Terry Kath | 2:03 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «Harry Truman» | Robert Lamm | Robert Lamm | 3:01 |
7. | «Oh, Thank You Great Spirit» | Terry Kath | Terry Kath | 7:19 |
8. | «Long Time No See» | Robert Lamm | Robert Lamm | 2:46 |
9. | «Ain't It Blue?» | Robert Lamm | Terry Kath & Peter Cetera | 3:26 |
10. | «Old Days» | James Pankow | Peter Cetera | 3:31 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
11. | «Sixth Sense (Rehearsal)» | Terry Kath | instrumental | 5:07 |
12. | «Bright Eyes (Rehearsal)» | Robert Lamm | Robert Lamm | 3:41 |
13. | «Satin Doll (Live)» | Duke Ellington, Billy Strayhorn, Johnny Mercer | instrumental | 2:48 |
Medverkande
endre- Peter Cetera – bass, solo- & korvokal
- Terry Kath – elektrisk & akustisk gitarar, solo- & korvokal
- Robert Lamm – klaverinstrument, solo- & korvokal
- Lee Loughnane – trompet, korvokal
- James Pankow – trombone, blåsararrangement
- Walter Parazaider – saksofonar, fløyte, klarinett
- Danny Seraphine – trommer
- Laudir de Oliveira – perkusjon
Andre medverkande
- Caribou Kitchenettes – kor på «Harry Truman» (John Carsello, Donna Conroy, Laudir de Oliveira, Bob Eberhardt, Steve Fagin, Kristy Ferguson, Linda Greene, Lee Loughnane, Brandy Maitland, Katherine Ogden, James Pankow, Walter Parazaider, Joanne Rocconi, Richard Torres og Angele Warner)
- Strykearrangement på «Oh, Thank You Great Spirit», «Long Time No See» and «Old Days» – Patrick Williams
Produksjon
endre- Produsert av James William Guercio
- Lydteknikar: Wayne Tarnowski, Jeff Guercio and Mark Guercio
- Strykarar spelt inn av Armin Steiner i Sound Labs (Hollywood, CA)
- Miksa av Phil Ramone
- Plateomslag – John Berg and Nick Fasciano
Lister
endreAlbum - Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1975 | The Billboard 200 | 1 |
Singlar - Billboard (USA)
År | Single | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1975 | Brand New Love Affair, Part I & II | The Billboard Hot 100 | 61 |
1975 | Harry Truman | The Billboard Hot 100 | 13 |
1975 | Old Days | The Billboard Hot 100 | 5 |
1975 | Old Days | Easy Listening | 3 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chicago VIII» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: