Child in Time

Child in Time
Song av Deep Purple
frå albumet Deep Purple in Rock
Utgjeve juni 1970
Innspelt 1969–1970 i IBC, De Lane Lea & Abbey Road Studios
Sjanger Hardrock, psykedelisk rock, heavy metal
Lengd 10:18
Selskap Harvest (UK)
Warner Bros. (US)
Låtskrivar(ar) Ritchie Blackmore
Ian Gillan
Roger Glover
Jon Lord
Ian Paice
Produsent Deep Purple

«Child in Time» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple på albumet Deep Purple in Rock frå 1970. Songen er 10 minuttar og 18 sekundar lang.

HistorieEndra

Ian Gillan har sagt at songen er basert på eit riff i ein song av det psykedeliske bandet It's a Beautiful Day, kalla «Bombay Calling». It's a Beautiful Day lånte på si side Deep Purple sin «Wring That Neck» og gjorde han om til «Don And Dewey» på det andre albumet deira Marrying Maiden (1970).[1]

«Child in Time» er i røynda forholdsvis enkel med ein orgelintro, tre powerakkordar og ein to minuttar lang solo. Teksten i songen er mørk og Ian Gillan nyttar heile spennvidda i stemma si frå roleg synging, til høglydt banshee-aktig skriking i høgt toneleie. Gitarist Ritchie Blackmore kjem inn med ein langsam solo, som byggjer opp med raskare og raskare speling og så endar brått, før heile songsyklusen starta igjen. Blackmore spelte vanlegvis på ein Fender Stratocaster, men på denne songen spelar han ein Gibson ES-335.

Songen vart fast på konsertane til Deep Purple frå 1970 til 1973 og seinare etter den første gjenforeininga i 1985 og 1987-1988. Songen er ikkje spelt like ofte etter 1995. Gillan har sagt det er personlege årsaker som ligg bak, men det er òg truleg at songen har vorte for vanskeleg å framføre, sidan han vokalmessig er særs krevjande. Den siste framføringa var ved operaen i Kharkov i 2002.[2] På denne konserten vart ein gitar i høgt toneleie nytta til å dekke over den no avgrensa spennvidda i stemma til Gillan.

Ein konsertversjon av songen finst på konsertalbumet Made in Japan frå 1972. Ein annan konsertversjon er på Scandinavian Nights / Live in Stockholm, spelt inn i september 1970.

LovordEndra

Songen vart rangert på 16. plass på lista til Guitarist frå 1998 over dei 100 beste gitarsoloane gjennom tidene.[3]

Andre versjonar og referansar i popkulturenEndra

KjelderEndra

  1. Kusnur, Narendra (3. mai 2002). «Ian Gillan, Mumbai, India. 3 mai 2002». Mid-Day Newspaper. Henta 28. mai 2012. 
  2. Deep Purple Russlandn WWW Pages
  3. Top 100 Guitar Solos Of All-Time
  4. [1]
  5. Metal from Finland: TARJA TURUNEN covers Deep Purple's «Child In Time", arkivert frå originalen 14. januar 2010, henta 31. mai 2012