Chlorospingus
Chlorospingus er ei biologisk slekt av mellomstore sporvefuglar som lever i Sentral-Amerika og sørover langs foten av Andes til Argentina. Slekta er ein del av amerikasporvfamilien, Passerellidae. Tidlegare var dei rekna som tanagarar, i dag har dei norske artsnamna fellesleddet «tanagarsporv».
Chlorospingus | |
Breibryntanagarsporv, Chlorospingus pileatus Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1902 | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Amerikasporvfamilien Passerellidae |
Slekt: | Chlorospingus Cabanis, 1851 |
Skildring
endreDette er fuglar på rundt 14 centimeter i kroppslengd med fjørdrakt i avdempa farger dominert av gult, grønt og grått, ofte med mørkt hovud. Nokre har kvitt i buken, og eller kvite område på hovudet. Til dømes breibryntanagarsporv, C. pileatus, som har svart hovud, brei, kvit augebrunstripe og kvitt i strupen. Busktanagarsporv, C. flavopectus, representerer vidaste utbreiinga i slekta rekna i antal land, frå Argentina i sør til Mexico i nord. I Mexico er dei funne i høgder opptil 3500 moh.[1]
Artslista
endreDet er åtte eller ni artar i denne slekta avhengig av taksonomisk standpunkt.[note 1][2]
Chlorospingus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
- Gulhaketanagarsporv, Chlorospingus flavigularis, Yellow-throated Chlorospingus, Sclater, 1852, (LC)
- Gulskjeggtanagarsporv, Chlorospingus parvirostris, Short-billed Chlorospingus, Chapman, 1901, (LC)
- Gråstrupetanagarsporv, Chlorospingus canigularis, Ashy-throated Chlorospingus, Lafresnaye, 1848, (LC)
- Breibryntanagarsporv, Chlorospingus pileatus, Sooty-capped Chlorospingus, Salvin, 1864, (LC)
- Busktanagarsporv, Chlorospingus flavopectus, Common Chlorospingus, Du Bus de Gisignies, 1847, (LC)
- Tacarcunatanagarsporv, Chlorospingus tacarcunae, Tacarcuna Chlorospingus, Griscom, 1924, (LC)
- Pirretanagarsporv, Chlorospingus inornatus, Pirre Chlorospingus, Nelson, 1912, (LC)
- Gråbrysttanagarsporv, Chlorospingus semifuscus, Dusky Chlorospingus, Sclater & Salvin, 1873, (LC)
- Gursetanagarsporv, Chlorospingus flavovirens,[note 1] Yellow-green Chlorospingus, Lawrence, 1867, (VU)
Kjelder
endre- (2017). New World Sparrows (Passerellidae) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table', henta frå http://www.hbw.com/node/1343552 21. oktober 2017
- Referansar
- ↑ Hilty, S. (2017). Common Bush-tanager (Chlorospingus flavopectus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 21. oktober 2017
- ↑ Hilty, S. (2018). Yellow-green Tanager (Bangsia flavovirens)]. In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 23. september 2018
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
- Notar