Opna hovudmenyen
Chocooropendola

Status i verda: EN Sterkt truga

 Chocooropendola 
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Icteridae
Slekt: Psarocolius
Art: P. cassini
Namn på andre språk
  • Engelsk: Baudo Oropendola
  • Vitskapleg namn
    Psarocolius cassini
    Richmond, 1898

    Chocooropendola (Psarocolius cassini) er ein fugl i trupialfamilien. Han lever i eit avgrensa område i nordlege Stillehavsregionen i Colombia. Arten har naturleg habitat i subtropiske eller tropiske fuktige låglandsskogar, som er truga av øydelegging.

    SkildringEndra

    Hannfuglen er ca. 46,5 cm i kroppslengd, hoa er litt mindre, ca. 40 cm. Denne fuglen liknar mykje svartoropendola (Psarocolius guatimozinus) i utsjånad, begge er i stor grad svarte med kastanjebrune oversider, men flekkene av berr hud på kinna er rosa hos chocooropendola, skuldrene og vengene er meir raudbrune og kroppssidene er heller meir kastanjefarga.[1] Begge har sitrongul hale med smalare svarte sentralfjører.[2]

    Denne arten er endemisk til eit område ved foten av fjellkjeda Serranía del Baudó i Chocó-departementet og litt inn i nordvestre Antioquia-departementet i Colombia.[3] Arealet av utbreiingsområdet er berekna til 4 570 km2.

    Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) har vurdert vernestatusen for Chocooropendola som sterkt truga. Grunngjevinga er både den litle bestanden som er kjent, og degradering av habitatet som som følgje av avskoging, etablering av palmeoljeplantasjar, jordbruksverksemd og vegbygging.[2] Det finst eit grovt estimat på den totale populasjonen på mellom 1000 og 2500 individ, og bestanden vil venteleg minke.[2]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. Ridgely, Robert S.; Tudor, Guy (2009). Field Guide to the Songbirds of South America: The Passerines. University of Texas Press. s. 678. ISBN 978-0-292-71748-0. 
    2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International (2015)
    3. Utbreiingskart IUCN Henta 1. november 2015

    BakgrunnsstoffEndra