Krister
mannsnamn
(Omdirigert frå Christer)
Christer og Krister er mannsnamn danna som nordiske variantar Kristian, som tyder 'kristen'. Ei mellomform var Christiern.
Christer har namnedag den 15. mars i Noreg. Krister har svensk namnedag den 13. november, ein status det først fekk i 1986.
Bruk
endreI Sverige var namnet mest brukt for nyfødde gutar på 1940- og 1950-talet. I Noreg var namnet mest utbreidd som døypenamn mot slutten av 1980-talet, og blei gjeve til over 0,5 % av nyfødde rundt 1990.
I 2005 heitte 1,35 % eller 61 321 svenske menn Christer, og namnet var det 37. mest utbreidde. I Noreg var prosentdelen same året 0,12 %. I 2009 heitte 2898 norske menn Christer og 748 heitte Krister.
Namneberarar
endre- Krister Henriksson (f. 1946), svensk skodespelar
- Christer Pettersson (1947–2004), svenske mistenkt for drapet på Olof Palme
- Christer Sjögren (f. 1950), svensk songar, vokalist i Vikingarna
- Christer Fuglesang (f. 1957), svensk astronaut
- Christer Falch (f. 1969), norsk plateprodusent og tv-fjes
- Christer Torjussen (f. 1970), norsk komikar
- Krister Sørgård (f. 1970), norsk langrennsløpar
- Christer Basma (f. 1972), norsk fotballspelar
- Krister Trondsen (f. 1978), norsk langrennsløpar
- Christer Strøm (f. 1988), norsk musikar og filmskapar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Christer» frå Wikipedia på bokmål, og «Christer» frå Wikipedia på svensk den 15. mars 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Krister hjå Statistisk Sentralbyrå