Krister Sørgård

Krister Sørgård (fødd 20. april 1970) er ein tidlegare langrennsløpar og langrennstrenar. Han var mellom dei beste norske langrennarane i ei ti års tid, landslagsløpar frå 1992 til 2001, men nådde aldri heilt til topps. Perioden 2003-06 var han trenar for det norske herrelandslaget i langrenn. Løparar frå dette laget gjorde det godt under VM i 2005, men lukkast lite under OL 2006.

Krister Sørgård
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1970 (54 år)
Kirkenes
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 1993

Karriere endre

Sørgård debuterte i verdscupen med å bli nr 25 på femmila i Vang i 1992. Han deltok i Ski-VM 1993 med ein 10. plass på jaktstarten som beste resultat, etter å ha vorte nr 12 på 10 km. I 1996 fekk han si einaste pallplassering i verdscupen då han vart nr 2 på femmila i Holmenkollen, langt bak vinnaren Erling Jevne.

Under noregsmeisterskapen 1992 tok han bronse på 50 km og han deltok på Kirkenes sitt vinnarlag i 3&10 km stafett, saman med Vegard Ulvang og Magne Hellerud. I 1998 tok han NM-gull 15 km jaktstart og sølv på 30 km i klassisk stil.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1992: Nr 25 på 50 km i Vang
  • 1993: Nr 10 på 25 km jaktstart under verdsmeisterskapen i Falun
  • 1994: Nr 12 på 30 km i Falun
  • 1995: Nr 15 på 50 km i Holmenkollen
  • 1996: Nr 2 på 50 km i Holmenkollen
  • 1997: Nr 8 på 15 km i Falun
  • 1997/98: Nr 7 på 10 km i Val di Fiemme
  • 1998/99: Nr 21 på 30 km i Davos
  • 1999/2000: Nr 5 på 10 km i Sappada
  • 2000/01: Nr 4 på 15 på Beitostølen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Trenar endre

Våren 2003 overtok Sørgård som hovudtrener for det norske herrelandslaget i langrenn. Han hadde stor suksess under sitt første Ski-VM 2005 (Oberstdorf 2005) der det norske herrelaget tok tre gull og avslutta med trippelsiger på femmila. Eitt år seinare hamna dei norske løparane langt bak medaljeplassane under OL i Torino. Sørgård vart utsett for sterk kritikk, mellom anna for at han korkje tok med nokon skiskyttar eller unge Petter Northug. Sørgård trekte seg våren 2006 som landslagstrenar. Morten Aa Djupvik overtok som hovudtrenar etter Sørgård.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre