Christian Selmer

norsk politikar
(Omdirigert frå Christian August Selmer)

Christian August Selmer (16. november 18161. september 1889) var ein norsk statsminister, jurist og konservativ politikar.

Christian Selmer

Fødd16. november 1816
Halden kommune
Død1. november 1889 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, byfogd, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnJørgen Selmer, Ida Hellesen
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1871–1873)
  • Norsk statsminister (1880–1884)
  • stortingsrepresentant (1874–1876)
  • Norsk justisminister (1877–1878)
  • Norges armeminister (1874–1875)
  • Norges armeminister (1875–1875)
  • Norges armeminister (1879–1880)
  • Norges indreminister (1875–1876)
  • Norges indreminister (1878–1879)
  • Norges revisjonsminister (1879–1879)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1876–1877) Sjå dette på Wikidata

Selmer var fødd i Fredrikshald, der faren var kjøpmann. Han vart student i 1837 og cand. jur. i 1842. Deretter var han sorenskrivarfullmektig fram til 1846, før han i to år var kopist i dels finans-, dels justisdepartementet. Han var sakførarfullmektig frå 1848, underrettssakførar i Drammen frå 1850. Frå 1862 vart han byfut same staden.

1871-74 var Selmer 2. representant frå Drammen på Stortinget. Han var medlem av justiskomite nr 1, formann i komiteen 1874. Sommaren 1874 gjekk inn i statsrådet. Han var fyrst justisminister, seinare indreminister fram til 1880.

Hausten 1880 danna Selmer eit nytt ministerium. Under den politiske striden om statsrådars tilgang til Stortinget vart Selmer-ministeriet sett under riksrettstiltale. 27. februar 1884 dømde riksretten Selmer til å ha sitt «embete forbrutt», fyrst og fremst for å ha frårådd sanksjon i statsrådssaka. 11. mars gjekk Selmer av. Deretter vart Selmer frådømt embetet sitt. 8. april same året vart han konstituert generalauditør for hær og marine.

Selmer døydde på Bygdøy i Kristiania i 1889.

Kjelder endre