Opna hovudmenyen

Christian Qvale (8. desember 177418. mars 1846) var ein norsk prest, ordførar og stortingsmann, fødd i Kvinesdal.

Christian Qvale
Fødd 8. desember 1774
Kvinesdal
Død

18. mars 1846
Vefsn

Yrke prest, politikar

Qvale var son til ein prest. Han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1794 og cand. theol. fem år seinare. Frå 1800 til 1810 var han sokneprest i Hammerfest, sidan i Nesna til 1820. Tida 1820-46 var han sokneprest i Vefsn.

Qvale var 1. representant frå Nordlands amtStortinget i 1827 og på omframstortinget året etter. I 1827 var han medlem av komiteen om fiskeria, kanalanlegg i Helgeland og om reinskyss. Han var den fyrste ordføraren i Vefsn. Som prest og representant for bygdefolket i Vefsn gjorde han ein innsats for at soknet fekk kjøpe Dolstad kyrkje, etter at private aktørar først hadde fått tilslaget då Det nordlandske kyrkje- og skulefond selde kyrkja på auksjon.

Han døydde på prestegarden i Vefsn.

KjelderEndra