Christian Stray

norsk advokat og politikar

Christian Stray (14. januar 189431. juli 1981) var ein norsk advokat og politikar for Venstre, fødd i Kristiansand. Han var far til Signe Marie Stray Ryssdal.

Christian Stray

Fødd14. januar 1894
Kristiansand kommune
Død31. juli 1981 (87 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedKristiansand katedralskole
EktefelleSigrid Stray
BarnSigne Marie Stray Ryssdal, Anna Lise Stray Sijthoff
Alle verv

Stray var son til ein trelasthandlar og skipsreiar. Etter han gjekk ut av Kristiansand katedralskole i 1912, tok han cand.jur.-eksamen i 1919. 1920-23 var han sekretær i Justisdepartementet. Frå 1923 var han overrettssakførar i Arendal og frå høgsterettsadvokat same staden. Han var styremedlem i Agderposten frå 1928, og styreformann frå 1936. Stray eigde Agderposten i årevis.

Stray eigde og styrte ein storgard i Tromøy kommune, og var ordførar i kommunen i periodane 1932-34 og 1956-59. Frå 1934 til 1945 representerte han Aust-AgderStortinget, vald på Venstre sitt program. I begge valperiodane, 1934-36 og 1937-45, var han medlem i Justiskomiteen, i den fyrste perioden som sekretær.

Under andre verdskrigen vart Stray arrestert 22. februar 1944 av det tyske nazi-styret i Noreg og sat fengsla i Kristiansand til han den 11. mars vart overført til Grini fangeleir. Den 7. september same året vart han sett fri, men arrestert på ny den 1. november. Grunna sviktande helse vart han halde i husarrest fram til verdskrigen var over i mai 1945.

Stray var formann i den norske seksjonen av Den internasjonale juristkommisjon frå 1958 til 1961.

Han omkom i ei bilulukke.

Kjelder endre