Christian Tybring-Gjedde

norsk politikar

Christian Tybring-Gjedde (fødd 8. august 1963 i Oslo) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2005, vald på nytt ved stortingsvalet 2009 og er medlem av finanskomiteen.

Christian Tybring-Gjedde

Christian Tybring-Gjedde
Foto: FrPMedia
Fødd8. august 1963 (61 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (1980; 14. juli 2024), partilaus (14. juli 2024)
Yrkepolitikar
Utdanna vedLoyola University Chicago
University of Denver
NATO Defense College
FarHarald Tybring-Gjedde
EktefelleIngvil Smines Tybring-Gjedde
BarnMathilde Tybring-Gjedde
Alle verv

Tybring-Gjedde har ein bachelorgrad i Political Science frå Loyola University i Chicago i USA, i tillegg til ein mastergrad i International Studies frå University of Denver i Denver i Colorado. Før han vart vald inn på Stortinget jobba han som underdirektør i Forsvarsdepartementet, i avdelinga for økonomi og styring.

I 2003 vart Tybring-Gjedde vald inn i Oslo Bystyre, der han sat i Finanskomiteen. I perioden 2001 til 2004 var han politisk nestformann i Oslo FrP.

Tybring-Gjedde er gift med Ingvil Smines Tybring-Gjedde,[1] har tre born og bur på Smestad i Oslo.

Referansar

endre
  1. Jens Marius Sæther. 2018-05-26. Dagsavisen. S. 21. «Groruddalen [...] der jeg traff min kone»

Bakgrunnsstoff

endre