Ingvil Smines Tybring-Gjedde

norsk politikar

Ingvil Smines Tybring-Gjedde (fødd 8. juli 1965) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet, som var minister for samfunnstrygging i Justis- og beredskapsdepartementet frå 2019 til 2020.

Ingvil Smines Tybring-Gjedde

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. juli 1965 (58 år)
Oslo
Yrke politikar
Politisk parti Framstegspartiet
Ektefelle Christian Tybring-Gjedde
Ingvil Smines Tybring-Gjedde på Commons

Frå 2015 til 2019 var Ingvil Smines Tybring-Gjedde statssekretær i Olje- og energidepartementet, før ho overraskande vart utnemnd til statsråd i den utvida regjeringa Solberg. I tillegg til å ha ansvar for beredskapen i Justisdepartementet har ho også ansvaret for Polaravdelinga og for tryggingsloven og administrativt ansvar for Nasjonal sikkerheitsmyndigheit i Forsvarsdepartementet.

Tybring-Gjedde er utdanna NDT-teknikar frå Danmark og har ein mastergrad i samspel og leiing frå Handelshøyskolen BI i Stavanger. Ho har arbeidd i Innovasjon Norge 2005–2010 og 2011–2014 og som seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet 2010–2011 og 2014–2015.

I partisamanheng har Tybring-Gjedde hatt diverse tillitsverv i Framstegspartiet i Oslo og er leiar av Frogner Frp sidan 2010.

Ho er gift med Christian Tybring-Gjedde.

Kjelder endre