Christmasøya
(Omdirigert frå Christmas Island)
- Denne artikkelen handlar om Christmasøya i Indiahavet. For Christmasøya i Stillehavet, sjå Kiritimati.
Christmasøya (engelsk Christmas Island), på norsk òg kjend som Juleøya,[2] er ei øy i Indiahavet som ligg om lag 500 kilometer sør for Indonesia. Øya utgjer eit australsk territorium. Arealet er 135 km² og folketalet 1 692 i 2021.[3] Om lag 70 % av folket er av kinesisk opphav, 20 % europearar og 10 % malayar.[4] Øya var ikkje folkesett då eit britisk skip vitja øya i 1688. I 1888 vart Christmasøya annektert av Storbritannia, då det vart oppdaga fosfatførekomstar her. Øya vart administrert frå Singapore. Under den andre verdskrigen vart øya okkupert av Japan. På 1950-talet vart øya overført til australsk administrasjon.
Christmasøya | |||
Christmas Island | |||
territorium | |||
|
|||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Del av | Indian Ocean islands | ||
Hovudstad | Flying Fish Cove | ||
Areal | 135 km² | ||
Folketal | 1 692 (10. august 2021)[1] | ||
Språk | Engelsk | ||
Tidssone | +07:00 | ||
Domene | .cx | ||
Christmasøya 10°29′24″S 105°37′39″E / 10.49°S 105.6275°E | |||
Kart som viser Christmasøya.
| |||
Wikimedia Commons: Christmas Island |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Christmas Island»; vitjingsdato: 28. juni 2022.
- ↑ «Christmasøya» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Christmas Island: 2021 Census All persons QuickStats». Australian Bureau of Statistics. Henta 23. desember 2023.
- ↑ «Christmas Island» (på engelsk). CIA – The World Factbook. Henta 23. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
endre