Opna hovudmenyen

Christof Duffner (fødd 16. desember 1971) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Triberg im Schwarzwald, ein kommune i delstaten Baden-Württemberg. Han vann OL-gull i 1994 og VM-gull i 1999 med Tysklands hopplandslag, samt VM-bronse i 1997. Mellom 1988 og 2004 deltok han i til saman 221 verdscuprenn. Fem gongar kunne han klive opp på sigerspallen, sin einaste siger i verdscupen fekk han i Oberstdorf 30. desember 1992.

Christof Duffner
Fødd 16. desember 1971
Triberg im Schwarzwald
Yrke skihoppar

AktivEndra

Duffner debuterte på heimebane i 1988 i opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Nøyaktig to år seinare fekk han sine fyrste verdscuppoeng i same bakken. Nye to år skulle før han fekk sin fyrste pallplass i verdscupen. Det rennet fann også stad i same bakken, og mykje overraskande kunne han stige heilt til topps. I dei komande åra fylgde to andre- og tredjeplassar.

Duffner var med på det tyske firemannslaget som vart olympiske meistrar i laghopping i Vinter-OL 1994Lillehammer. Hansjörg Jäkle, Dieter Thoma og Jens Weißflog var dei andre på laget. I 1997 vart det bronse for det tyske laget under ski-VM i Trondheim, då var Weißflog bytta ut med Martin Schmitt, resten var dei same som vann OL-gullet. To år seinare tok Duffner, Thoma og Schmitt eit VM-gull i skihopping i Ramsau, då med Sven Hannawald på laget.

Duffner sleit med å hevde seg i dei individuelle renna i skimeisterskapane, ein tiandeplass i storbakken i Falun under ski-VM 1993 vart hans beste plassering. Derimot gjorde han det mykje betre i verdsmeisterskapane i skiflyging, med ei rad gode plasseringar. Han vart nummer fem både i 1992 og 1996, men hans beste prestasjonen var fjerdeplassen i den mellomliggjande meisterskapen i 1994 i Planica.

Frå 1991 til 2001 vann Duffner fire sølv- og to bronsemedaljar i dei tyske meisterskapane.

Han slutta som skihoppar i 2004.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra