Chrono Trigger
Chrono Trigger er eit rollespel utvikla og utgjeve av Square til Super Nintendo Entertainment System i 1995. Gruppa som utvikla spelet inkluderte tre designarar som Square kalla for «Dream Team»: Hironobu Sakaguchi, skaparen av Final Fantasy-serien, Yuji Horii, ein frilans designar og skapar av Dragon Quest-serien, og Akira Toriyama, ein mangateiknar som er kjend for arbeidet sitt med Draqon Quest og Dragon Ball. Chrono Trigger følgjer ei gruppe av eventyrarar som reiser gjennom tida for å hindre ein global katastrofe.
Chrono Trigger | |||
| |||
Utviklar(ar) | Square | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Square Square Enix | ||
Distributør | Steam, Humble Store, Nintendo eShop, Google Play, App Store, PlayStation Store, i-mode | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Takashi Tokita Yoshinori Kitase Akihiko Matsui | ||
Produsent(ar) | Kazuhiko Aoki | ||
Design(ar) | Hironobu Sakaguchi | ||
Kunstnar | Akira Toriyama | ||
Komponist(ar) | Yasunori Mitsuda Nobuo Uematsu | ||
Serie | Chrono | ||
Plattform(er) | Super NES, PlayStation, Nintendo DS | ||
Utgjeving | Super NES JP: 11. mars 1995 NA: 11. august 1995 PlayStation JP: 2. november 1999 NA: 29. juni 2001 Nintendo DS JP: 20. november 2008 NA: 25. november 2008 EU: 6. februar 2009 | ||
Sjanger | Rollespel | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 12 | ||
Nettstad | http://www.square-enix.co.jp/smart/chronotrigger/, https://www.square-enix-games.com/games/chrono-trigger | ||
Del av serien Chrono⠀ | |||
Radical Dreamers→ |
Spelet var ein kritisk og kommersiell suksess då det vart gjeve ut i 1995. Det vart utgjeve til PlayStation i 1999, i ei utgåve utvikla av Tose. Ei noko utvida utgåve av spelet, også utvikla av Tose, vart utgjeve til Nintendo DS i Japan og Nord-Amerika i 2008 og i Europa i 2009. Nintendo DS-utgåva selde 790 000 kopiar innan mars 2009.[treng kjelde] Chrono Trigger har også vorte utgjeve til Virtual Console, PlayStation Network, iOS-einingar, Android-einingar[1] og Microsoft Windows.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Chrono Trigger iOS releases next month». Eurogamer. 21. november 2011. Henta 1. juli 2019.
- ↑ «Nå har Chrono Triggers Steam-versjon blitt mye bedre». Gamer.no. 6. august 2018. Henta 1. juli 2019.