Cir.Cuz
Cir.Cuz er ein rap- og popduo sett saman av Mats Melbye frå Sarpsborg og Thomas Pedersen frå Skien. Duoen vart starta 8. januar 2011 og kort tid etter var dei kjend med mellom anna sumarhiten «Radio». I november same år gav dei ut debutalbumet Alt i sin tid.
Cir.Cuz | |||
Opphav | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2011– | ||
Sjanger | Rap og pop | ||
Plateselskap | Cosmos Music Group | ||
Medlemmer | Mats Melbye Thomas Pedersen |
Cir.Cuz deltok med songen «Hele verden» i den andre semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av Joakim Harestad Haukaas og Andre Lindal.
Diskografi
endreAlbum
endre- 2011: Alt i sin tid
- 2013: Vi er Cir.Cuz
- 2015: Hjertet mitt slår
Singlar
endre- 2011: Radio
- 2011: Den eneste
- 2011: Diva
- 2012: Gatelys
- 2013: Supernova med Julie Bergan
- 2013: Tidløs
- 2014: Hele verden
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cir.Cuz» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2014.
- «Bli kjent med artistene» (på norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 27. februar 2014.
- Steinar Solås Suvatne og Christian Wiik Gjerde (27. januar 2014). «– Denne musikken vil prege 2014» (på norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 27. februar 2014.