Julie Bergan

norsk songar

Julie Bergan (fødd 12. april 1994) er ein norsk songar og låtskriver. Ho er kjend for låten «Arigato». Fleire kjenner ho òg gjennom venskapen med norske Astrid S.[1]

Julie Bergan

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. april 1994 (30 år)
Skien kommune
Yrke songar, låtskrivar, songar-låtskrivar
Sjanger pop, rhythm and blues, elektronisk musikk, Hiphop, danse-pop, dansemusikk
Julie Bergan på Commons

Karriere endre

Oppstart endre

Julie Bergan starta si karriere i 2012 med låten «Supernova», som ho spelte inn saman med norske Cir.Cuz. Låten låg på norske topplister i totalt 16 veker i 2012 og 2013, og oppnådde femteplass som beste plassering.[2][3] Ho deltok deretter i Melodi Grand Prix 2013 med låten «Give A Little Something Back», som ho skreiv saman med Ben Adams og Sara Skjoldnes. Ho gjekk ikkje vidare frå semifinalen i Steinkjer det året.[4]

I september 2013 inngjekk ho kontrakt med Warner Music Norway, og mot slutten av same år gav ho ut «Undressed» saman med Idol-deltakaren Astrid S.[2]

 
Julie Bergan under by:Larm 2017

2014-2018 endre

Frå perioden 2014–2016 gav ho ut fleire singlar og hadde fleire konsertar. Ho var òg på fleire turnear, blant anna på VG-lista-turneen 2016.[5] Fleire av låtene selde til både gull og platinum i Noreg, men det var ikkje før singelen «Arigato» vart gjeven ut våren 2016 at ho vart kjend utanlands.[treng kjelde] Låten toppa norske lister, og låg på VG-lista i 20 veker.[6][7][8] Den kom òg på femteplass på den offisielle svensken hitlista. Ho hadde skrive «Arigato» saman med blant anna norske Kid Joki, og låten vart nominert til fleire prisar, blant anna til årets lét under Spellemannprisen 2016.

Sjølv om songaren sjølv utgjev popmusikk, var ho òg med på NRK P3 sitt remix-prosjekt våren 2016.[9] Remixen av «Attitudeproblem» av Karpe Diem vart laga saman med fleire andre kvinnelege artistar, og set kjønnsrollene i musikken på spissen.[10]

For musikkåret 2017 vart ho blant anna booka til bransjefestivalen by:Larm, og dessutan til ei rekkje andre norske festivalar.[11][12][13]

I 2018 bidrog ho saman med Alan Walker og Senguri på K-391-låten «Ignite». For låten vart dei nominerte til Spellemannprisen 2018 i klassa årets låt, ei utdeling ho sjølv leidde saman med Tarjei Strøm.[14].

Diskografi endre

Solo endre

År Tittel Listeplassering Album
NOR[15] SWE[16]
2013 «Give a Little Something Back» N/A
2014 «Younger»
«Fire»
«Rude»
2015 «All Hours» 6
2016 «I Kinda Like It» 35
«Arigato» 1 5 Turn On The Lights
2017 «Blackout» 17
«Blackout (acoustic)» N/A
«If You Love Me»(featuring Tunji Ige) Turn On The Lights
«Incapable» 19
2018 «Guilt Trip» 18
«U Got Me» 20 N/A
2019 «STFU» 20
«Outlaw»
«Crazy Enough» 35
«Bored»
2020 «Kis sin Somebody»(featuring Seeb) 12
«Commando»
«One Touch» 39

Featuring endre

År Tittel Listeplassering Album
NOR[15]
2012 «Suparnova»(Cir. Cuz featuring Julie Bergan) 5 Vi Er Cir.Cuz
2017 «Can't Help Myself»(Clairmont featuring Mugisho & Julie Bergan) - N/A
2018 «Ignite»(K391 featuring Alan Walker, Julie Bergan & SEUNGRI) 1
2019 «Don't Give Up On Me Now»(R3HAB featuring Julie Bergan) 30
2020 «My Bad»(Shaun & Advanced featuring Julie Bergan)
«Outline»(Crazy Cousinz featuring Julie Bergan)
«Don't You Wanna Play?»(Seeb featuring Julie Bergan)

Cover endre

  • Undressed - cover med Astrid S (2013)

Utmerkingar endre

år organisasjon pris arbeid resultat
2016 MTV-Music Awards Beste norske artist Julie Bergan Nominert
P3 Gull Årets lét «Arigato» Nominert
Årets nykommer Julie Bergan Nominert
2017 Spellemannprisen 2016 Årets lét «Arigato» Nominert
Musikkforleggerprisen 2016 Årets Gjennombrot «Arigato» Vinnar
2019 Spellemannprisen 2018 Årets lét «Ignite» (med K-391, Alan Walker, og Senguri) Nominert
2020 P3 Gull[17] Årets lét «Kis sin somebody» (med Seeb) Nominert
2021 Spellemannprisen 2020[18] Årets lét «Kis sin somebody» (med Seeb) Nominert

[19][20][21][22][23]

Kjelder endre

  1. «Undressed - Single by Julie Bergan & Astrid Smeplass on Apple Music» (på engelsk). Henta 24. januar 2017. 
  2. 2,0 2,1 ««Supernova»-Julie om kontrakten: - Absurd følelse». vg.no. Henta 8. januar 2014. 
  3. Hung, Steffen. «norwegiancharts.com - Cir.Cuz feat. Julie Bergan - Supernova». Henta 24. januar 2017. 
  4. «Julie er yngst i MGP-delfinalen - men høyest på listene». vg.no. Henta 8. januar 2014. 
  5. «Julie Bergan». VG-lista 2016 (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 19. november 2021. 
  6. «Arigato, Mother****** – Julie Bergan er tilbake!». Mynewsdesk (på norsk). 
  7. «Arigato, Mother****** – Julie Bergan er tilbake!». Mynewsdesk (på norsk). 
  8. «VG-lista - Julie Bergan». Henta 24. januar 2017. 
  9. «Ny single og video fra Julie Bergan - "Younger"». Mynewsdesk (på dansk). 
  10. «Karpe Diem om P3-remiks: – Kan forandre norsk rap» (på norsk). 29. april 2016. Henta 24. september 2020. 
  11. «Artists - by:Larm». by:Larm (på engelsk). Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 19. november 2021. 
  12. «Østfold kulturutvikling » Julie Bergan klar for Ufestival» (på engelsk). Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 25. januar 2017. 
  13. «ARTISTER» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 25. januar 2017. 
  14. «Spellemann-glipp – nominert artist falt ut av listen». 8. februar 2019. Henta 11. februar 2019. 
  15. 15,0 15,1 «Discography Julie Bergan». Norwegian Charts Portal. Hung Medien. 
  16. «Sverigetopplistan - Sveriges Officiella Topplista». Sverigetopplistan. Henta 2. september 2016. 
  17. «Nominerte årets låt 2020». 2. november 2020. Henta 21. november 2020. 
  18. «Cezinando er nominert i fire kategoriar under Spellemannprisen 2020». 12. februar 2021. Henta 18. april 2021. 
  19. «MTV EMA 2016 | 6.11.2016 | Rotterdam | Julie Bergan». EMA.MTV (på engelsk). 
  20. «Stem på Arigato som årets låt – P3 Gull 2016». NRK P3 (på norsk). 8. november 2016. 
  21. «Her er de nominerte til P3 Gull 2016». NRK P3 (på norsk). 8. november 2016. 
  22. Design, Defy. «Spellemannprisen». Arkivert frå originalen 6. januar 2017. Henta 25. januar 2017. 
  23. «Her er vinnerne av Musikkforleggerprisen». ballade.no (på norsk bokmål). 22. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Julie Bergan