Kjerrhaukar

slekt av haukefuglar
(Omdirigert frå Circus)

Kjerrhaukar er ei biologisk slekt Circus av mellomstore rovfuglar i haukefamilien, Accipitridae. Kjerrhaukar har ei karakteristisk framferd ved jakt, dei flyg lågt over opne enger, heier, våtmarker eller ørkenar på søk etter små pattedyr, reptil og småfuglar. Dei kan òg ta insekt.

Kjerrhaukar
Myrhauk i Nord-Amerika Foto: Flickr-brukar: nigel
Myrhauk i Nord-Amerika
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Kjerrhaukar Circus

I Noreg er myrhauk og sivhauk fåtalige som hekkefuglar, enghauk og steppehauk er sjeldne gjestar.

Artslista

endre

Kjerrhaukar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Sivhauk, Circus aeruginosus, Eurasian Marsh-Harrier, Linné, 1758, (LC)
  • Afrikasivhauk, Circus ranivorus, African Marsh-Harrier, Daudin, 1800, (LC)
  • Austsivhauk, Circus spilonotus, Eastern Marsh-Harrier, Kaup, 1847, (LC)
  • Papuasivhauk, Circus spilothorax, Papuan Marsh-Harrier, Salvadori & D'Albertis, 1875, (LC)
  • Australsivhauk, Circus approximans, Swamp Harrier, Peale, 1848, (LC)
  • Kvitbuksivhauk, Circus maillardi, Reunion Harrier, Verreaux, 1862, (EN)
  • Madagaskarsivhauk, Circus macrosceles, Madagascar Harrier, Newton, 1863, (EN)
  • Langvengkjerrhauk, Circus buffoni, Long-winged Harrier, Gmelin, 1788, (LC)
  • Prikkjerrhauk, Circus assimilis, Spotted Harrier, Jardine & Selby, 1828, (LC)
  • Fynboshauk, Circus maurus, Black Harrier, Temminck, 1828, (EN)
  • Bendelmyrhauk, Circus cinereus, Cinereous Harrier, Vieillot, 1816, (LC)
  • Myrhauk, Circus cyaneus, Hen Harrier, Linné, 1766, (LC)
  • Mørkmyrhauk, Circus hudsonius, Northern Harrier, Linné, 1766, (LC)
  • Steppehauk, Circus macrourus, Pallid Harrier, Gmelin, 1770, (NT)
  • Praktkjerrhauk, Circus melanoleucos, Pied Harrier, Pennant, 1769, (LC)
  • Enghauk, Circus pygargus, Montagu's Harrier, Linné, 1758, (LC)

Kjelder

endre

Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.

  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. september 2020 
  2. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff

endre