Cister (òg sister, cyther, zister, cittern, frå gresk κιθάρα, kithara) er eit klimpreinstrument i luttfamilien.

Cister

Klassifiseringklimpreinstrument, luttinstrument med hals
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-5, 321.321-5

Historikk og konstruksjon endre

 
Kvinne med cister måla av Pieter van Slingeland i 1677

Cisteren blei truleg utvikla med utgangspunkt i lutten mellom 900- og 1100-talet, men førebiletet kan òg ha vore strykeinstrumentet fidel.[1] Resonanskassa kan vera drope- eller pæreforma, eller ha eit klokkeforma omriss. Sargen smalnar av mot halsen og loket er forsynt med lydhol. Instrumentet er utstyrt med doble sett metallstrenger (strengekor) av stål, messing, jarn og leileghetsvis sølv. Det finst cisterar i ulike stemmingar frå storleik med mandolin og oppover. Dei fleste instrumenta hadde ein kort mensur og blei stemt i open stemming, og dermed enkle å spela på. I renessansen hadde cisteren stor utbreiing blant nybegynnarar og folkemusikarar.

Cister-varianten english guitar var i vanleg bruk mellom omtrent mellom 1750 og 1800. Slike instrument blei importerte til Noreg, medan fleire norske instrumentmakarar rundt slutten av 1700-talet laga ein liten cister-variant som blei kalla sitrenk. Den mest betydelege sitrenk-produsenten, både når det gjeld omfang og kvalitet, var Amund Hansen frå Vinger og Halden.

Nomenklatur endre

Det fanst ei rekkje ulike namn på cisteren, og dette fører framleis til stor forvirring. Døme på namn gjennom historia er citer, cithar, citter, cythar, cytthar, sister, siter, ziethar, ziter, zithar og zyther. Det gamle namnet zitter og alle namn som inneheld -zither gjer det lett å forveksla cister med citer eller siter.

Speleteknikk og stemming endre

Kora blei slått an med eit plekter eller ein fjørpenn. Det fanst ulike stemmingar, vanlegast var open stemming som cc ee gg c'c' e'e' g'g' (sekskorig), men cisteren kunne òg stemmast som ein mandola. I renessansen var cisteren vanlegvis utstyrt med mellom fire (e'e' d'd' gg hh ) og ti kor, medan moderne variantar vanlegvis har fem eller seks.

Opphavleg vart cisteren brukt i mellomaldersk bordunspel, noko stemmingane av det firekorige instrumentet frå 1500-talet tyder på: melodien blei gripen med det fjerde eller tredje koret og dei to djupaste strengene blei slått an som opne strenger.[2] I renessansen utvikla polyfonien seg. Cisterar kunne brukast som reine melodi- eller akkordinstrument, men òg som polyfont soloinstrument.

Portugisisk gitar endre

 
Portugisisk gitar

Guitarra portuguesa er ei vidareutvikling av renessanse-cisteren og den engelske gitaren. Han blei stemt med a'a' g'g' d'd' aa' gg' cc' (Coimbra) eller b'b' a'a' e'e' bb' aa' dd' (Lisboa).

Portugisisk gitar er eit vanleg instrument i Portugal og er mykje brukt i fadomusikk.

Historiske cisterspelarar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Aksdal, Bjørn (1982). Med Piber og Basuner, Skalmeye og Fiol: musikkinstrumenter i Norge ca. 1600-1800. Tapir. s. 36. ISBN 8251904765. 
  2. Såkalt italiensk stemming: hh gg d'd' e'e' og fransk stemming: aa gg d'd' e'e'

Litteratur endre

  • William Casey og Alfredo Colman (red.), Thomas Robinson, New Citharen Lessons (1609), 1997 Baylor University Press, Waco, Texas, ISBN 0-918954-65-7
  • John Playford, Musick's delight on the cithren, W.G. & J. Playford, The Temple, London, 1666, OCLC 2353693
  • Ferdinand Roese: Schule zur Erlernung der Lutherzither, eige forlag, Wismar i/M. 1896
  • Aksdal, Bjørn (1982). Med Piber og Basuner, Skalmeye og Fiol: musikkinstrumenter i Norge ca. 1600-1800. [Trondheim]: Tapir. s. 36. ISBN 8251904765. I engelsk omsetjing: Norwegian sister

Bakgrunnsstoff endre