Clara Johanne Ottesen (30. oktober 19118. mai 1997)[1] var ein norsk samfunnsøkonom, statstenestekvinne, bistandsarbeidar og kvinnesaksforkjempar. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1968 til 1972.

Clara Ottesen
Fødenamn Clara Johanne Helgerød
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. oktober 1911
Halden kommune
Død

8. mai 1997 (85 år)

Yrke samfunnsøkonom, embetsmann, nødhjelpsarbeider
Politisk parti Venstre
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Liv og virke endre

Ottesen tok examen artium i heimbyen Halden i 1931, deretter ved den einaste handelsutdanninga i samtida ved Oslo handelsgymnasium og blei utdanna cand.oecon. ved Universitetet i Oslo i 1938. Ho arbeidde som lærar i handelsfag 1938–1940, som sekretær (saksbehandlar) i Forsynings- og gjenreisingsdepartementet 1940–1949 og som sekretær og fyrstesekretær (frå 1954) i Sosialdepartementet 1949–1956. Frå 1956 arbeidde ho i Departementet for familie og forbrukarsaker/Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, med tittelen konsulent, den gongen ei høg stilling i departementa med fagansvar for eit politikkområde. Ho var ein sentral byråkrat på familie- og likestillingsfeltet i 1950- og 1960-åra. Ho var SN-ekspert (Community Development Expert) i Aust-Pakistan (no Bangladesh) med bustad i Dhaka frå 1962 til 1964, og arbeida med å utvikle program for å styrke kvinner si stilling i landet.[2][3][4]

Ottesen var 2. nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening 1966–1968; ho etterfølgde Eva Kolstad som NKF-leiar i 1968 og sat i vervet til 1972. Ho var også styremedlem i International Alliance of Women frå 1967 til 1973.[5] Frå 1971 var ho sentralstyremedlem i Europarørsla, der tidlegare utanriksminister Svenn Stray var leiar.[6]

Ottesen blei i 1939 gift med cand.oecon. Kjell Ottesen, son av Immanuel Ottesen. Dei blei skilde i 1947, men ho heldt på etternamnet.[7][8][9]

Kjelder endre

  1. Gravferdsetaten i Oslo kommune
  2. «En uredd Oslo-kvinne som ny FN-ekspert til Øst-Pakistan». Dagbladet. 20. oktober 1962. s. 11. 
  3. «Forslag om å innby kvinner fra U-land til korte opphold i Norge». Aftenposten. 4. november 1968. s. 7. 
  4. Eva Kolstad, Karen Sofie Brynnildsen (2. juni 1997). «Clara Ottesen (nekrolog)». Aftenposten. s. 11. 
  5. Elisabeth Lønnå: Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913, Gyldendal Norsk Forlag, 1996, ISBN 8205244952
  6. «Stray formann for Europabevegelsen». Aftenposten. 1. april 1971. s. 3. 
  7. Norsk Lysingsblad. 25. mai 1939. 
  8. Studentene fra 1931. Bokkomiteen for studentene fra 1931. 1956. s. 291–292. 
  9. Studentene fra 1928. 1953. s. 272.