Landau eller Landau in der Pfalz er eins sjølvstendig by (kreisfrei) kring Südliche Weinstraße (den sørlege vin-vegen) i Rheinland-Pfalz i Tyskland. Han har vore ein universitetsby sidan 1990 og har litt over 40 000 innbyggjarar. Byen har lenge vore eit kultursenter og ein marknadsby og kjøpstad, omgjeve av vingardar og landsbyar som baserer seg på vindyrking i Pfalz vinormåde. Landau ligg aust for Pfalz-skogen, den største samanhengande skogen i Europa, like ved den tyske vinruta.

Landau
Rettslokalet
Rettslokalet
Rettslokalet
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Landau
Landau is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Rheinland-Pfalz

Kreisfreie Stadt
Oberbürgermeister Hans-Dieter Schlimmer
Geografi
Flatevidd
 - By

82.94 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)

43048
Koordinatar 49°11′58″N 8°7′23″EKoordinatar: 49°11′58″N 8°7′23″E
Høgd over havet 142 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.landau.de

Landau vart først nemnd som busetnad i 1106, og fekk byrettar i 1274. Landau var okkupert av Frankrike frå 1680 til 1815, då han var ein av Décapole, ti frie byar i Alsace. Vauban bygde eit moderne festningsverk her i 1688-1699 for Ludvig XIV og gjorde den vesle byen til ein av dei sterkaste citadellane i Europa. Etter Napoleon overgav seg, vart byen gjeven til Kongedømet Bayern i 1816.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre