Opna hovudmenyen

Slaget ved Denain vart utkjempa den 24. juli 1712, som ein del av den spanske arvefølgjekrigen, og resulterte i ein fransk siger under marskalk Villars mot austerrikske og nederlandske styrkar under Eugene av Savoie.

Slaget ved Denain
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Villars a Denain1.jpg
Marskalk Villars leiar det franske åtaket i slaget ved Denain. Olje på lerret, 1839. (Galerie des Batailles, Versaillespalasset)
Dato 24. juli 1712
Stad Denain, dagens Frankrike
Resultat Avgjerande fransk siger
Partar
Statenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Kommandantar
Flagget til Den nederlandske republikken Jarlen av Albemarle
Flagget til Habsburgmonarkiet Eugene av Savoie
Flagget til Frankrike Claude de Villars

OpptaktEndra

Eugene hadde kryssa Scheldt med 105 000 mann med målet om å tvinge dei 120 000 soldatane til Villars ut i kamp. Han marsjert raskt til byen Denain og okkuperte han, og tok stilling på ei høgd med Denain som forsyningsbase. Etter hemmelege ordrar frå London vart dei britiske soldatane, nyleg sett under kommandoen til hertugen av Ormonde, brått trekt ut og den allierte armeen stoppa.

SlagetEndra

Dei franske soldatane var søraust for le Cateau i Mazinghien. Etter å ha nøye utforska fordelinga til fienden, valte Villars å gå til åtak på Denain. Kavaleriet vart sendt for å ta dei forskjellige bruene som kryssa elva Selle, som rann gjennom le Cateau mot nordvest, før ho rann ut i Scheldt ovanfor Denain. I løpet av kvelden tok ei avdeling òg stilling rundt møllene ved Haspres, og blokkerte elveoversetjigna der. Om natta byrja infanteriet å marsjere mot styrkane til Eugene ved Landrecies (ved Sambre, nordaust for le Cateau). Som svar til denne trugselen forsterka Eugene Landrecies, men svekka samstundes den allierte høgreflanken (under Albemarle) som heldt Denain.

Ved daggry hadde Villars svinga linja si og retta ho mot Denain i tre rekkjer. Kl. 0500 planla Villars og dei viktigaste løytnantane hans åtaket ved Avesnes-le-Sec, der dei kunne sjå det omkringliggande låglandet. Kl. 0700 nådde dei franske infanteristane Neuville-sur-Escaut og fekk ordre om å ta bruene over Scheldt. Kl. 0800 vart dei allierte overraska då dei oppdaga at franskmennene var i området. Albermarle åtvara Eugene, som på dette stadiet ikkje var særleg uroa. Kl 1300 utvikla åtaket seg til eit åtak på palisadane i Denain. Franske sappørar med økser leia infanteriet mot kraftig eld. Det allierte infanteriet, gripen av panikk, prøvde å flykte over møllebrua. Fylt av flyktande soldatar kollapsa brua og fleire hundre infanteristar drukna.

Eugene hadde reagert for sakte til å få styrkane sine over Scheldt ved Prouvy for å hjelpe Albemarle. Under prins de Tingry heldt dei franske regimenta brua ved Prouvy mot fleire austerrikske åtak, og til slutt, då dagen gjekk mot slutten, sprengde franskmennene brua for å hindra at ho fall til fienden. På venstreflanken var Eugene derfor blokkert av Scheldt og kunne ikkje gå til mottåtak for å ta Denain attende.

Slaget såg ikkje umiddelbart ut til å vere så avgjerande som det vart, sidan det meste av armeen til Eugene framleis var intakt. Men utan Denain byrja den allierte stillinga å løyse seg opp, og i løpet av dei neste månadane hadde franskmennene teke attende dei fleste byane dei hadde tapt dei førre åra.

KjelderEndra