Climate of Hunter

Climate of Hunter
Studioalbum av Scott Walker
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1984
Innspelt The Town House, EMI & Sarm West Studios, oktober-desember 1983
Sjanger Kunstrock
Lengd 31:00
Selskap Virgin
Produsent Peter Walsh, Scott Walker
Scott Walker-kronologi 
We Had It All
(1974)
Climate of Hunter Tilt
(1995)
Singlar frå Climate of Hunter
  1. «Track Three» med «Blanket Roll Blues»
    Utgjeve: Mars 1984

Climate of Hunter er det ellevte studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut i mars 1984 og nådde 60. plassen[1]UK Albums Chart. Det inneheld singelen «Track Three». Albumet er det einaste han gav ut i 1980-åra.

Walker skreiv songar for albumet i august og september 1983. Albumet vart spelt inn mellom oktober og desember 1983 i Storbritannia ved The Town House, EMI og Sarm West Studios. Albumet fekk positive meldingar då det kom ut i mars 1984. Det kom ut på CD i midten av 1980-åra, og igjen i januar 2006 med nymastra lyd.

Bakgrunn endre

Etter dårleg mottaking av det tiande studioalbumet til Walker, We Had It All i 1974, gjekk Walker attende til The Walker Brothers og signerte ein kontrakt med GTO Records. Gruppa spelte inn tre album i lag, No Regrets i 1975, Lines i 1976 og Nite Flights i 1978. No Regrets og Lines heldt fram i same lei som dei førre studioalbuma til Walker med standard countrypop. Tittelsporet på No Regrets vart ein hit tidleg i 1976, men albuma selde dårleg og fekk dårleg kritikk.

Gruppa byrja innspelinga av Nite Flights medan dei var klar over at GTO kom til å kollapse innan kort tid. Dei valde å spele inn eit album med sine eigne komposisjonar utan kompromiss.[2] Albumet la vekt på kunstrock og disco spelt med ein tyngre trommelyd, synthesizerar og elektriske gitarar. Dei tre gruppemedlemmane skreiv kvar og sine songar, som dei song sjølv. Dei fire Scott-songane – «Shut Out», «Fat Mama Kick», «Nite Flights» og «The Electrician» – var dei første originale songane hans sidan 'Til the Band Comes In i 1970. Walker synte at han hadde vokse mykje innan låtskriving sidan 1960-åra og stilen hans minna om musikken til David Bowie, Brian Eno og Lou Reed. Den ekstremt mørke og uhyggelege stilen til songane til Scott, særleg «The Electrician», skulle vise seg å vere forløparar til retninga i den seinare solokarrieren hans.

Nite Flights kom ut i 1978 og selde dårleg, men fekk god kritikk, særleg songane til Scott. I perioden etter albumet, var Walker utan platekontrakt, og sa i eit intervju med journalisten Alan Bangs at det hadde stått heller dårleg til mellom Nite Flights og Climate of Hunter.[3] Walker samanlikna seg sjølv med Orson Welles, ein stor mann alle ønskte å møte, men som ingen ønskte å finansiere det neste prosjektet til. Med respekten han no hadde vart det gjeve ut tre samleplater tidleg i 1980-åra og han fekk ein langtidskontrakt med Virgin Records. Den store tilhengjaren Julian Cope sette saman ei samling av Walker kalla Fire Escape in the Sky: The Godlike Genius of Scott Walker i 1981, som vart raskt etterfølgd av Scott Walker Sings Jacques Brel og The Best of Scott Walker. Trass i ny avtale, gjekk det tregt for Walker å skrive songar til det første albumet for selskapet.

Innspeling og musikk endre

Sjølv om et gjekk seint for Walker å skrive songane, vart sju songar skrivne for albumet gjort ferdig og raskt spelt inn det siste halvåret av 1983. Albumet var produsert med Peter Walsh, som nyleg hadde arbeidd med Simple Minds på gjennombrotsalbumet deira New Gold Dream (81–82–83–84) frå 1982. I lag med Walsh sette Walker saman eit band med studiomusikarar som fri improvisasjons-saksofonisten Evan Parker, Mark Knopfler frå Dire Straits på gitar og R&B-songaren Billy Ocean.

I dokumentaren Scott Walker: 30 Century Man (2006) forklarte Walsh at musikarane var venta å spele inn sin del utan å kjenne til melodien i nokre av songane, delvis fordi Walker ikkje hadde spelt inn noko demo og fordi melodien var «ein tett bevart løyndom». Walker forklarte at om melodien vart kjend ville det ta songen bort frå den «konsentrerte staden» han ønskte. Meininga var å halde alt litt fråskild slik at det ikkje var «noko sjanse for at alle kom til å svinge saman».

Songane er derfor drivne fram av trommene til Peter Van Hooke, bassen til Mo Foster og vokalen til Walker. Gitarar, synthesizerar, blåseinstrument og strykarar vert kvar for seg nytta sparsamt med abstrakte resultat. Eit orkester er tydeleg på «Rawhide» og er det einaste akkompagnementet på «Sleepwalkers Woman», medan gitarar kjem fram på «Track Three», «Track Seven» og «Blanket Roll Blues».

Walker valde å gje halvparten av songane på Climate of Hunter numeriske titlar. Han forklarte i eit intervju på The Tube at songane var ferdige og at titlar kunne «velte dei» eller «overlesse» dei slik at ei tekstlinje fekk meir tyding enn ei anna.[4] Songane har sidan fått dei uformelle titlane «Delayed» («Track Three»), «It's a Starving» («Track Five»), «Say It» («Track Six»), og «Stump of a Drowner» («Track Seven»).

Utgjeving endre

Climate of Hunter kom ut i mars 1984 på LP i Storbritannia på Virgin Records. Albumet kom ut på både LP og CD i midten av 1980-åra. Ein nymastra versjon av albumet kom på CD den 30. januar 2006. Han inneheld nytt eit utførleg plateomslag og tekst av Bob Stanley frå Saint Etienne.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [5]
The Guardian     [6]

Climate of Hunter fekk middels til positiv kritikk då det kom ut.

Innhald endre

Alle songane er skrivne av Scott Walker, august–september 1983, utanom «Blanket Roll Blues» (tekst av Tennessee Williams, musikk av Kenyon Hopkins). Orkesterarrangement av Brian Gascoigne.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Rawhide»3:55
2.«Dealer»5:12
3.«Track Three» (Uformekt kalla «Delayed»)3:50
4.«Sleepwalkers Woman»4:11
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Track Five» (Uformekt kalla «It's a Starving»)3:35
6.«Track Six» (Uformekt kalla «Say It»)3:12
7.«Track Seven» (Uformekt kalla «Stump of a Drowner»)3:46
8.«Blanket Roll Blues»3:16

Medverkande endre

Lister endre

Liste Plassering
UK Albums Chart[1] 60

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Chart Stats - Scott Walker». chartstats.com. Arkivert frå originalen 8. oktober 2012. Henta 29. oktober 2013. 
  2. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 144. ISBN 0-85965-395-1. 
  3. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 158. ISBN 0-85965-395-1. 
  4. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 156. ISBN 0-85965-395-1. 
  5. Allmusic review
  6. The Guardian review