Opna hovudmenyen

Philip «Phil» John Palmer (fødd 9. september 1952) er ein engelsk studiogitarist innan jazz og rock som har turnert, spelt inn og arbeidd med mange kjende artistar. Han er mest kjend som slidegitarist.

Phil Palmer
Fødd9. september 1952 (67 år)
FødestadLondon
FødenamnPhilip John Palmer
OpphavStorbritannia
Aktiv1980 til i dag
SjangerRock, bluesrock, jazz
Instrumentgitar, vokal
Kjende instrumentFender Stratocaster
Tilknytte artistarEric Clapton, Dire Straits, Wishbone Ash, George Michael, Chris De Burgh, Robbie Williams, David Essex
Verka somMusikar, låtskrivar

BiografiEndra

Palmer har spelt med artistar som Lucio Battisti (albumet Una giornata uggiosa, 1980), Pet Shop Boys, Wishbone Ash (turné i 1986), Joan Armatrading, Eric Clapton, Roger Daltrey, Iggy Pop, Thomas Anders (1989), Bob Dylan, Tina Turner, Dire Straits (turné i 1992), Pete Townshend (konsertar i 1993 og 2000), Eros Ramazzotti (Tutte storie 1993), Alejandro Sanz (Alejandro Sanz 3 1995), (Paola e Chiara (1997), Pino Daniele, Chris de Burgh, Bryan Adams, Johnny Hallyday, David Knopfler, George Michael, Renato Zero, Claudio Baglioni, Massimo Di Cataldo, Melanie C, Robbie Williams og David Sylvian.[1] Han har ofte arbeidd med produsenten Trevor Horn. I 1986 arbeidde han som studiomusikar på Alphaville-albumet Afternoons in Utopia.

I 1993 sette Palmer saman eit band kalla Spin 1ne 2wo med Paul Carrack (vokal and klaverinstrument), Steve Ferrone (trommer), Rupert Hine (produsent, klaverinstrument) og Tony Levin (bass). Dei gav ut eit album med coverversjonar innan classic rock med songar av Jimi Hendrix, The Who, Led Zeppelin, Blind Faith, Steely Dan og Bob Dylan.[1]

FamilieEndra

Han er nevø av Ray og Dave Davies frå The Kinks.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Tingen, Paul (April 2009). «Phil Palmer: Session gitar player». Performing-Musikar.com. Henta 5. september 2012. 
  2. Hinman, Doug (2004). All Day And All of the Night. s. 174

BakgrunnsstoffEndra