Congratulations
«Congratulations» Singel av Cliff Richard | ||
B-side |
«High n Dry» | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. mars 1968 | |
Innspelt | 3. februar 1968 Abbey Road i London | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:33 | |
Selskap | Columbia DB8376 | |
Låtskrivar(ar) | Bill Martin, Phil Coulter | |
Produsent | Norrie Paramour | |
Cliff Richard-kronologi | ||
«All My Love» (1967) |
«Congratulations» | «I'll Love You Forever Today» (1968)
|
«Congratulations» er ein song skriven av Bill Martin og Phil Coulter som Storbritannia sitt bidrag til Eurovision Song Contest 1968. Songen vart framført av Cliff Richard.
«Congratulations» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1968 | |||||
Land | Storbritannia | ||||
Artist(ar) | Cliff Richard | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 28 | ||||
Finaleplass | 2 | ||||
Storbritannia i Eurovision Song Contest | |||||
|
Phil Coulter skreiv opphavleg songen «I Think I Love You», men var usikker på teksten, og fekk med seg Bill Martin (dei skreiv òg «Puppet on a String» i lag), som endra han til «Congratulations».[1] Songen vart raskt populær i Storbritannia og gjekk til topps på singellista. Songen var storfavoritt til å finne heile konkurransen, så stor faktisk at den britiske pressa spurte spørsmålet: «Kven vil kome på andreplass etter 'Congratulations'?»
Under avstemminga var «Congratulations» i leiinga fram til Tyskland gav Spania seks poeng i neste siste stemme, og dei gjekk forbi Storbritannia.[2]Han hamna bak Spania og «La La La» med berre eitt poeng, men vart ein stor hit i heile Europa.
Songen er framleis populær i dag. George Harrison-songen «It's Johnny's Birthday» frå All Things Must Pass er basert på denne songen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Congratulations (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Nul Points...?!, BBC Television, 1992
- ↑ The Eurovision Song Contest - The Official History. O'Connor, John Kennedy. Carlton Books 2007 ISBN 978-1844429943
Føregangar «Lyckliga gatan» Anna-Lena Löfgren |
Toppen av VG-lista Cliff Richard 9 veker, veke 16–24, 1968 |
Etterfylgjar «Young Girl» The Union Gap |